Gratulerer Jan Roar!

Under kveldens årsmøte vart det kasta litt ekstra glans over (og gjort stas på) vår tidlegare klubbmekanikar, Jan Roar🤭

Spøk til side. Dei fleste kjenner nok Jan Roar som dagleg leiar i klubben, trenar, stemneansvarleg og dommar. Han har vore tillitsvald, instruktør, funksjonær og organisator. Og på Rudolfskytinga vår faste nisse🎅

Og det har han vore ei årrekkje.💪 Og frå og med i kveld, er han æresmedlem i klubben 👏 Det er deg vel fortent, Jan Roar👌

Dei første spede teikn til Jan Roar finn ein frå referat frå rundt årtusenskiftet. Og det er her klubbmekanikar kjem inn. For det var tittelen i årsmøtereferatet.🤭

Sidan 2003 var han fast styremedlem, og frå 2006 tok han over som leiar. Eit verv han i kveld fekk fornya tillit til å halde fram med.👏

Vi i, og rundt klubben, er veldig glade for det. Jan Roar si vide kontaktflate og gode kontakter sentralt i forbundet har vist seg svært verdifullt.👌

Det står respekt av jobbe Jan Roar legg ned👏 Så vil vi også nytte høvet til å takke for innsatsen, men også samstundes sjå fram til framhaldet🙏

Overrekkinga av både blome og diplom var det Victoria, Oda og Terje som stod for. Dei held også fram i styret, og får med seg både Roy Helge og Oddleif på laget det komande året.

(Denne artikkelen vart opprinneleg publisert på Facebook 11. mars 2026)