Kategoriarkiv: Nyhende

Info om klubbens drift og tilbod

Velkvalifisert

NM-trio 2021Ungdomane våre har som vi håpa på gjort ein knallbra innsats i kvalifiseringa under NM innandørs i Tønsberg i dag; 2. plass til Victoria og 4. plass til Jan. Difor har begge to gode kort på handa inn mot utslagsrunder og finaleskyting på søndag. Vi kan ikkje anna enn å vere nøgde med andre- og fjerdeplass og poengsummar heilt oppunder personleg rekord eller godt over. Jan Tomkiewicz forbetra seg med heile 33 poeng! Vi takkar, gratulerar og ønskje lukke til vidare.
Matchoppsett søndag for recurve rekrutt jenter: https://ianseo.net/TourData/2021/9402/IBRRJ.php
Matchoppsett søndag for recurve rekrutt gutar: https://ianseo.net/TourData/2021/9402/IBRRG.php
Følg med! No blir det spanande. Det er berre å krysse både fingre, tær og alt anna.

Medlemspengar 2021

Det er på tide å betale inn medlemspengar for 2021. Desse må vere betalt innan årsmøtet for å ha møte- og røysterett på årsmøtet, og for å melde seg på stemne.
Kontingenten er:
  • Aktive født 2001 eller seinare: Kr 700,-
  • Aktive født 2000 eller før: Kr 1000,-
  • Ikkje-skytande medlem: Kr 100,-
Medlemspengane betalast inn til kto. 3700.35.00234, merka med namn på medlem. Ta kontakt med leiar om du treng tilrettelagt innbetaling.

Starten på innesesongen

Då skal vi snart sette i gang innendørssesongen, med første trening inne, mandag 7. september klokka 19.00

For å starte opp sesongen inne i Førdehuset, er det visse reglar vi er nødt å følgje i desse korona tider. Det er kjempeviktig at alle som skal komme på treningane har lese og følgjer desse reglane, dersom vi skal kunne halde fram med trening denne hausten.

 

Retningslinjer for trening i idrettshallen – covid19 pr 21.08.20

For en NM-fest!

Du er ikkje ferdig med jobben før papirarbeidet er gjort, blir det sagt. Det er over to måneder sidan vi fylte hotella, campingplassen, byen og Førdehuset med glade bogeeskyttarar, men det er først i desse dagar at vi kan sei at arrangementet er over. Kvardagen i klubben er tilbake på skinner og vi har flytta aktiviteten ut på bana vår ved Halbrend skule. «Lånte fjør» er levert tilbake, regnskapet er gjort opp og vi har fordelt utstyr vi hadde til overs til andre klubbar og grupper i regionen, alt slik det blei avtalt på førehand. Vi har hatt tidenes jubileumsfest og er klare for 50 åra til, minst. Minnene og erfaringane skal vi óg ta godt vare på. Eit mediateam og fleire fotografar fulgte konkurransane i Førdehuset, så ta ein titt på videominneboka vår nedanfor. Takk også til vèrgudane som var usedvanlig rause med solskinn og varme dei dagene vi hadde gjestane våre i byen.

Alt klart til NM på heimebane

Gløym Hurtigruta, Bergensbanen og Lars Monsen!
Denne helga kan du enten tilbringe i Førdehuset og sjå god bogeskyting live og i ekte 3D, eller du kan klikke deg over på Youtube og få med deg alt som skjer likevel.

Det er gratis inngang i Førdehuset, og der kan du også få med deg ein heimelaga og handlaga maskot heim for berre 50-lappen. Han er litt forknytt, men heng godt med.

 

God tur og velkommen til Førde

Bildecollage Velkommen til NMI mange månader, faktisk eit par år, har vi tenkt på og forberedt oss på at bogeskyttarar frå heile landet ein dag skal komme til oss i Førde og til NM i Førdehuset. No er dei på veg, og vi er så klare som vi kan bli.

Torsdag morgon 4. april overtar vi regien i idrettshallen og festsalen, og i løpet av ein dag skal det bli ein flott arena for store og små bogeskyttarar. Vi skal legge forholda så godt til rette for gode prestasjonar og sann idrettsglede enten du er rekrutt eller 50+, om du skyt med sikte og stabilisatorar eller du synest det er best utan.

351 utøvarar er meldt på frå 53 klubbar. Nokon har nett kjøpt sin første boge, andre vært i OL. Og for første gong skal eit NM overførast direkte på nett-TV. No kan dei heime sjå kva som skjer i hallen mens det skjer, og du som er i hallen kan vinke heim. I tre dagar skal topp og breidde i norsk bogeskyting møtast i vår eiga storstove. Blir det heimesiger? Blir det ny verdsrekord? Det er fullt mogleg. Moroa startar fredag kl. 14 og på søndag ettermiddag er det avgjort. Dette blir spanande!

Takk til dei gode hjelparane

Ei kjem langt med god tru på eigne krefter og entusiasme, men det hjelper veldig mykje å ha gode hjelparar. Om ei drøy veke tar vi kontroll over Førdehuset for å stelle i stand til NM innandørs. Vi kan arrangere bogeskyttarstemne i Førde. Det har vi gjort mange gonger og veit kva som skal til. Men ein nasjonale meisterskap er noko meir. Det tek lenger tid, krev meir plass og så vil vi gjerne pynte kaka litt. Det er då vi treng hjelp.

Og hjelp har vi fått, frå forbundet, frå naboklubbar og ikkje minst frå mykje av det spanande næringslivet i og omkring Førde. Dei har ytt oss både økonomisk og praktisk hjelp.  Ta ein titt på sponsorsida vår! Det er desse bedrftene som i tillegg til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Førde kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune har løfta arrangementet vår opp og fram. Vi rettar ein stor takk til alle saman og oppmoder alle til å støtte dei. Dei har støtta oss. Dette hadde vi ikkje greid om verda berre besto av nettbutikkar.

Berit Randi blei meister i «feil» region

Berit Randi med gullmedalje og premieBerit Randi Alden-Håøy vann laurdag klasse recurve damer senior under region-meisterskapen for Midtnorge på Vigra. Under kvalifiseringsrunden med 60 piler på 18 meters avstand vann ho med meir enn hundre poeng. Difor var det inga stor overrasking at ho sidan tok heim gullet i finalematchen som avgjorde kampen om meistertittelen. Motstandaren var frå Sverresborg bueskytterklubb i Trondheim.

Berit Randi er opphaveleg frå Stryn, men bur i Eikefjord og skyt no for Førde bogeskyttarklubb. Det var òg andre frå fylket som gjorde det skarpt i same stemne. Jan Ove Hogrenning frå Loen vann klassen recurve herrar senior. I denne klassen kapra i tillegg Vidar Kvalheim frå Ytre Nordfjord buskyttere 4. plassen.

Det var i alt påmeldt 63 deltakarar til stemnet. Dette var eit opent meisterskap med deltakarar frå Trøndelag til Sunnfjord, noko som forklarar korleis deltakarar frå Sunn- og Nordjord kan bli regionmeistrar for Midtnorge. Om tre veker, 5. til 7. april er det klart for NM innandørs bogeskyting i Førdehuset med Førde bogeskyttarklubb som arrangør. Då stiller Berit Randi saman med 22 andre frå same klubb på skytelina i kamp om gull og kongepokal.

Vil du vere med på NM?

Når ein skal halde stort selskap og ventar masse gjester til gards, trengs det mange hjelpsomme hender. Difor inviterar vi førdianarane med på feiringa. Vi treng dugnadshjelp både fredag, lørdag og søndag 5. – 7. april til store og små oppgåver.  Det kan vere alt  fra å henge opp resultatlister og halde Førdehuset ryddig til å vere med å klargjere konkurransearenaen for ei ny pulje skyttarar.

Du treng ikkje vite noko om bogeskyting for å melde deg. Du får all opplæring og informasjon du treng. Har du lyst, har du lov, og du melder deg på ved å fylle ut skjemaet vi har laga. Så tar vi kontakt med deg.