Om oss

Leiar: Jan Roar Sekkelsten
Adresse: Presteholten 18 D, 6810 Førde
Telefon: 911 48 702
E-post: forde@bueklubb.no
Org.nr.: NO 993 766 518
Bankkonto: 3700.35.00234
Vipps: #514353

Førde bogeskyttarklubb blei stifta i 1969 av Helge Bydal. Sidan har vi fått fram ei rekkje gode utøvarar som har sett spor etter seg lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Styret har seks medlemmar under leiing av Jan Roar Sekkelsten.

I innandørssesongen frå september til april trenar vi i Førdehuset. Utandørs i sommarsesongen held vi til på vår eigen bane, Fosseflata bogeskyttarbane, på Halbrend. Førde bogeskyttarklubb er for tida den einaste av klubbane i fylket som arrangerer stemne, men vi stiller gjerne opp med folk og utstyr om naboane ynskjer det. Dei to største stemna våre iløpet av året er Adventpila i desember og Vårløysinga, som er eit oppkøyringsstemne før NM innandørs.

Førde bogeskyttarklubb aktivt tilstades i lokalsamfunnet der det høver. Vi tek på oss å oppdrag i samband med marknadsdagar, blåturar, firmaevent eller som under Grenselause idrettsdagar og på NAFs arrangement for 10.-klassingar. Det største stemnet vi har arrangert er NM innandørs i 2019. Då samla 50-årsjubilanten 350 deltakarar i alderen 12 til kring 80 år frå 53 klubbar i Førdehuset.

Vi tek imot nye skyttarar fortløpande og gir hjelp og råd når utstyr skal skaffast. Ta kontakt hvis du vil vite meir om klubben og det vi held på med.

Følg oss også på Facebook.