Noregsrekordar fall i Naustdal

God stemning, noregsrekordar og personlege rekordar. Slik kan ein oppsummere Vårløysinga helga 28. februar og 1. mars i Naustdalshallen. Laurdagen stod 60 piler på 25 meter på programmet.
Noregesrekordane må vi nok førebels ta med eit lite atterhald til forbundet stadfestar, men går alt som vi håpar vart det (moglege) nye mixed 2-rekordar til Førde i U18 (Madelen og Christian) med 994 poeng og U21 (Vilde og Christian) med 1062 poeng.👏
I barebow skaut Cecilie og Gjermund frå Vigra IL Bueskyttere til (mogleg) ny norsk mix 2-rekord både i senior og 50-årsklassa med 1023 poeng. 👏
Søndagen stod 60 piler på 18 meter på programmet. Om ikkje det var nok, la vi saman resultata på 25 meter i går med dagens resultat, og køyrde finaleskyting. 😅
Det vart debut for Asgeir, og fleire solide personlege rekordar 🏹🎯 Gratulerer 💪
Klubbleiar Jan Roar var i skikkeleg godlune i dag, og delte ut ikkje mindre enn seks (!) bingoegg før pause.
Litt mange resultat å pløye gjennom og trekkje fram med tre konkurransar på ei helg, men vi dra linjene etter 25+18m:
Christian 🥇vann Recurve 1 framfor klubbkamerat Harald 🥈og Magnus 🥉 frå Vigra IL Bueskyttere.
I R2 vart det Førde for alle penga, med Terje 🥇og Vilde 🥈på dei to øvste plassane. Lene 🥉 kapra tredjeplassen.
Familieoppgjeret i Barebow 1 vann Gjermund 🥇framfor Cecilie🥈.
Marianne 🥇 og Asgeir 🥇 var einsame svalar i Barebow 3 og Recurve 5. Det same var Lars Cedolf 🥇 i Tradisjonell 2. Ove Kristian 🥇 henta heim sigeren i Tradisjonell 3 etter siger over Henning🥈.
Vi takkar skyttarar frå Vigra IL Bueskyttere,Ålesund Bueskytterklubb, Flaktveit Idrettsklubb – Bueskyttergruppen, Fana Bueskytterklubb – og sjølvsagt våre eigne – for ei flott helg i Naustdalshallen. Ei stor takk også til REMA 1000 på Hafstad og Naustdal Dampbakeri A/S forhold støtte og hjelp.
(Desse artiklane vart publisert på Facebook 28. februar 2026 og 1. mars 2026)