NM 2026 i Sandefjord er over for Førde sin del, og vi fekk den best tenkelege avslutninga med NM-gull til Christian!![]()
![]()
![]()
![]()
Det vart ein tett finale mot heimefavoritt Sondre Westgård Lund, men Christian heldt nervane i sjakk og vann 6-0! Dermed kunne både supportarane på tribunen, Terje bak linja og Christian på linja sleppe jubelen laus.
Finaleplassen sikra Christian etter siger over Jonas Søberg. Dette er Christian sitt første individuelle NM-gull innandørs. I fjor vart det sølv.
Firda skreiv også om bragden til Christian.
Sigrun stod løpet ut, men i bronsefinalen vart Kjerstin Hoff eit knepp for sterk. Vel gjennomført NM-debut 

Under meisterskapen vart også Jan Roar, som den andre i klubben, heidra med forbundet sitt heidersteikn i sølv. Det skjedde under den offisielle opninga av NM. Og ja, bursdagsbarnet frå dagen før visste ingenting om det før han vart ropt opp etter nasjonalsangen.
Heidersteiknet blir delt ut til personar for lang og tru teneste for sporten.
No føyer Jan Roar seg inn i rekka, med Ole Magnar.

Som vi skreiv då Jan Roar vart æresmedlem i klubben vår, har han i over 20 år vore trenar, stemneansvarleg og dommar. Han har vore tillitsvald, instruktør, funksjonær og organisator. Sidan 2003 var han fast styremedlem, og frå 2006 tok han over som leiar. Eit verv han framleis har.
Det står respekt av jobben Jan Roar legg ned
og alle rundt, både skyttarar og foreldre, er umåteleg glade for engasjementet
Iløpet av meisterskapen 20.-22. mars publiserte klubben fleire artiklar og ikkje minst bilete på Facebook. Dei kan sjåast her:
