Tre gleder og eitt kveldsstemne

Andre kveldsstemne, og det første teljande stemne i juniorserien, vart gjennomført torsdag kveld. Stort fråfall på skytelinja, men enkelte kunne smile breiare enn andre. Som Noemi og Gergø.

Dei to var nemlig dei einaste som klarte å snike til seg bingoegg iløpet av kvelden. Gergø først ute, medan mamma Noemi følgde på kort tid seinare med både dans og jubel. Kanskje ikkje så rart, då dette var hennar første bingoegg på eitt stemne. Og egget har, som mottoet seier, tre gleder.

Elles vart det eit kveldsstemne på det jamne. God stemning i sekretæriatet og piler som gjekk både beint og ikkje fullt så beint. Med fleire fråfall inn mot stemnet, var det berre fem skyttarar som stilte på skytelinja. Victoria stilte som både hovuddommar og premieutdelar, medan Roy Helge debutterte som stemneleiar i Jan Roar sitt fråver. Det gjekk som venta strålande.

Noemi fekk kveldens andre - og siste - bingoegg.
Først jubel, så dans, så score og så bingoegg til Noemi.

Resultata for kvelden ser du her, medan både Madelen og Gergø fekk sine første teljande deltakingar i bogeskyttarforbundet sin juniorserie. Her er det dei tre beste resultata som blir teljande til slutt. Neste kveldsstemne blir torsdag 19. november. Til då blir det framleis trening både måndagar og torsdagar. I mellomtida er det også Noregscupstemne i Ålesund eller Bergen, samt Nasjonal Ungdomssamling i Bergen.

Logoen til Naustdal dampbakeri