Familielaurdag og to dagar med stemne

Medan Noemi og Madelen reiste til Ålesund i helga, stilte Lene, Terje, Ella og Laila på Familielaurdag i Førdehuset. Med andre ord ei helg der Førde bogeskyttarklubb har vist seg på fleire frontar.

Ålesund bogeskyttarklubb arrangerte laurdag andre runde av Noregscupen i Osane idrettshall. Berre Madelen og Noemi tok turen frå Sunnfjord til Sunnmøre. Noemi la endå til søndagens 25-metersstemne inn i kalenderen. Hennar første nokosinne på den distansen. Med 456 poeng må vi seie at det kom ho godt frå.

Laila og Lene rettleier nyfikne under Familielaurdagen.

Heime i Sunnfjord var det duka for haustens andre Familielaurdag i Førdehuset. Tradisjonen tru stilte sjølvsagt Førde bogeskyttarklubb og lot både små og store prøve ut bogesporten. Det hadde vore kjekt å sjå att nokre av desse på trening i framtida.

Av aktivitetar framover i tid er det ikkje berre trening måndagar og torsdag. Helga 6.-7. november sender vi, med god hjelp frå hovudsponsor Bilhuset, fire av våre ungdomar til Nasjonal Ungdomssamling i Bergen. 19. november arrangerer vi kveldsstemne i Førdehuset.

Elles kan vi nemne at det om ikkje veldig lenge kjem positive nyhende på «investeringsfronten». Så følg med på nettsidene våre…

Logoen til Naustdal dampbakeri