Før helga skapte to «pakkesangar» stor ståhei på trening. Det var som alle høgtidsdagar fyllt med uendeleg mange kinderegg. I forsendelsen var det nemlig både oppgradering av utstyrsparken vår – og archery tag.

Sistnemnde kan best beskrivast som buesportens paintball. Vi snakkar maske, lett handterlege buer og «piler» med ein kraftig skumtupp. Legg ein til nokre skjul, nokre flagg og bogeskyttarar til to lag, så har vi både oppvarming og ikkje minst ein fartsfull og sosial lagaktivitet.
Det blir ikkje feil å seie at vi har snakka om å investere i archery tag i mange år. Då straumleverandøren Wattn kom på bana med ei finfin gåve gjennom deira Spire-tildeling, så var det kort avstand til å trykke «enter» på bestillinga.
Vi takkar og takkar og takkar for gåva.
Og dei heldige fem første på trening var ikkje seine å be. For å seie det slik, dei trengde ikkje varme opp noko særskilt meir, før dei svette og slitne stilte seg på skytelinja og bytta motstandarar med matte og blink.
Dette er ein lagaktivitet vi vil trekkje fram oftare framover. Det byggjer lag, karakter – og trimmar.
Så til den andre «pakkesangen». Klubben sin utstyrspark er aldrande og velbrukt. Dette er noko vi vil få gjort noko med når «lommeboka» tillet det. Vi har difor investert i nokre nye boger som våre nye og lovande medlemer kan få låne framover. Det er eit økonomisk løft, men med gode samarbeidspartnerar er det løye kva som kan ordne seg.
Til slutt minner vi om kveldsstemne førstkomande torsdag, klokka 18. Vel møtt 🙂
