Dette har ikkje skjedd på 2.472 dagar!

To comeback i kveld. Den eine på dagen seks år, ni månader og seks dagar sidan sist konkurranse. Eller 2.472 dagar. Eller 59.328 timar.

Eit langt fråvær frå skytinga skuldast ikkje manglande interesse for sporten. Oda har ei årrekkje vore medlem i styret, dommar og innom på trening med jamne mellomrom.

Difor var det ekstra kjekt å sjå namnet hennar plutselig dukke opp blant dei påmelde til kveldsstemnet. Sist ho konkurrerte var også i Førdehuset, den 20. februar koronaåret 2020. I alle fall om vi skal tru dei offisielle registreringane hos bogeskyttarforbundet.

474 poeng vart det for kvelden, som vart toppa med eit bingoegg.

Harald får eit fortent bingoegg etter kveldens flaksesslepp.
Harald får eit fortent bingoegg etter kveldens flaksesslepp.
Gergo med eit ekte bingoegg.
Gergø med eit ekte bingoegg.

Bingoegg vanka det også til Harald, for tre tiarar. Og der må vi dvele litt. For det var kveldens bomskot. Harald skyt på tre blinkar, ein oppe og to ned (sokalla vegasblink). Då han sikta på blinken nede til høgre, vart det ein klink tiar i blinken til venstre.

Heldigvis var han meir treffsikker på neste pil, og dermed sette ein tiar også der.

For medan Medan både Harald og Oda måtte vente litt på «godsakene», vart Gergø den aller første som stakk av med bingoegg. Det vart eit skikkeleg bingoegg også, med tre solide tiarar.

I tillegg til Oda, gjorde også Bjørnar comeback etter eit skadeavbrekk.

Totalt stilte 11 skyttarar i kveld. I ei stor seniorklasse gjorde Harald det sterkast med 535 poeng.

Terje noterte seg for 528 poeng, medan Christian kapra tredjeplassen med 510 poeng.

Bjørnar (t.v.) tilbake på skytelinja etter eit lengre skadeavbrekk.
Kjekt å også ha Bjørnar (t.v.) tilbake på skytelinja etter eit lengre skadeavbrekk.

Neste på programmet no er tredje runde av Noregscupen, som går neste helg anten i Bergen eller Ålesund for vår del. Her er det påmeldingsfrist allereie fredag 20. november.

Så ser vi sjølvsagt fram til Adventspila 5. og 6. desember, og mange tilreisande frå både sør for Sognefjorden og nord for Nordfjorden.

I mellomtida blir det nok både trening som vanleg, og mykje moro med archery tag i Førdehuset.

Logoen til Naustdal dampbakeri