Denne helga er det endeleg NM innandørs bogeskyting igjen, to og eit halv år etter at vi sjølv arrangerte det i Førdehuset. No er det Oslofjord Convention Center ved Tønsberg som er arena, med 300 påmeldte.
Førde bogeskyttarklubb er representert av dei unge og lovande; Vicoria Selvik og Jan Tomkiewizc. Begge skyt i recurve rekrutt, hhv. jenter og gutar. Med seg har dei trenar Frank Eide.
Kvalifiseringsrunden på 60 piler startar laurdag kl. 11 og meisterskapen blir avgjort gjennom utslagsmatcher og finalar frå søndag morgon. Vi trur det beste om dei flinke ungdomane våre og ønskjer dei lukke til. Skyt beint!
Resultat blir oppdatert minutt for minutt på https://ianseo.net/Details.php?toId=9402
–
Førde bogeskyttarklubb har utstyrsavtale med Arctic Buesport