Kategoriarkiv: Nyhende

Info om klubbens drift og tilbod

Grenselaus idrettsdag

Bogeskyting var eit av tilboda under Grenselaus Idrettsdag i Førdehuset laurdag 17. november. Det var jamne tilsig av interesserte heile tida og alle som ville fekk prøve seg uansett funksjonsnivå. Bogeskyting er noko alle kan meistre på sitt vis. Nokre kom attende gong på gong. Det var tydeleg at dette ga meirsmak.

Ei kjempegåve frå Sparebankstiftinga

Lagbilde med gåvesjekk

Foto: Sparebankstiftinga – Inger Marie Lien

Sparebankstiftinga ga 100 000 kroner til NM innandørs 2019.

– Det blir ein kjempefest å få arrangere NM i bogeskyting i Førdehuset. Det er ei tillitserklæring frå forbundet og resten av bogeskyttarmiljøet i landet til klubben vår, seier Jan Roar Sekkelsten, leiar i klubben.

– Det vil ikkje berre gje utøvarane våre inspirasjon til vidare satsing, men òg ringverknader til naboklubbar og regionen, fortel Sekkelsten.

Ein sport for alle
To dagar i veka møtes bogeskyttarklubben i Førdehuset for å trene. Under treninga torsdag 13. september var også banksjef Roy Stian Farsund til stades, og hadde med seg ei pengegåve på 100 000 kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane som klubben får til å arrangere NM neste år.

– Dette er ein sport som veldig mange kan drive med, uansett alder og ambisjonsnivå. Det er gledeleg å kunne vere med å støtte opp under desse litt mindre idrettane også. Det handlar om breidde og å ha eit variert fritidstilbod til barn, unge og vaksne, seier Farsund.

Bogeskyttarar på line

TREFFSIKRE: Små og store øver for å treffe blink.

Gåva er gitt av Sparebankestiftinga Sogn og Fjordane som forvaltar banken sitt overskotet. Pengane skal gå til innkjøp av nye skytematter med stativ som er ein føresetnad for å arrangere meisterskapen.

– Etter arrangementet vil halvparten av desse mattene bli fordelt mellom dei andre aktive klubbane i Sogn og Fjordane, seier Sekkelsten.

Samarbeider om arrangementet
Klubben blei starta i 1969 og har i dag ca 40 aktive medlemmer frå heile Sunnfjord i alderen 8 – 68 år.

–  Vi reknar med at ein stad mellom 350 og 400 deltakarar frå heile landet i alderen frå 13 år til nærare 80 år vil kome til Førde. I tillegg til Førde Bogeskyttarklubb er det fem aktive bogeskyttarklubbar/-grupper i Sogn og Fjordane. Desse vil bli trekt aktivt med i den praktiske avviklinga av meisterskapen for å bygge kompetansen og få stemne fleire stader.