Om oss

Leiar: Jan Roar Sekkelsten
Adresse: Presteholten 18 D, 6810 Førde
Telefon: 911 48 702
E-post: forde@bueklubb.no
Org.nr.: NO 993 766 518
Bankkonto: 3700.35.00234
Vipps: #514353

Førde bogeskyttarklubb blei stifta i 1969 av Helge Bydal. Gjennom snart 50 år har vi fått fram ei rad gode utøvarar som har sett spor etter seg lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Styret har fem medlemmar under leiing av Jan Roar Sekkelsten.

I innandørssesongen frå september til april trenar vi i Førdehuset. Utandørs i sommarsesongen held vi til i Hafstad idrettspark eller på vår eigen bane på Halbrend. Førde bogeskyttarklubb er for tida den einaste av klubbane i fylket som arrangerer stemne, men vi stiller gjerne opp med folk og utstyr om naboane ønskjer det. De to største stevna våre er Adventpila 2. helga i advent og Vårløysninga som er eit oppkøyringsstemne helga før NM innandørs, normalt to veker før palmesøndag.

Førde bogeskyttarklubb aktivt tilstades i lokalsamfunnet der det høver. Vi tar på oss å oppdrag i samband med marknadsdagar, blåturar, firmaevent eller som under Grenselause idrettsdagar og på NAFs arrangement for 10.-klassingar.

Vi tek imot nye skyttarar fortløpande og gir hjelp og råd når utstyr skal skaffast. Ta kontakt hvis du vil vite meir om klubben og det vi held på med.