Norsk rekord for U16-jentene

U16-jentene med diplomar

U16-jentene med diplomar. F.v.: Vilde Fauske Aalen, Ane Sandnes-Tonning, Lene Fauske Aalen. Foto: Privat/Førde bogeskyttarklubb

Under kveldsstemnet i september slo U16-jentene våre til med eit knallresultat og noterte seg for ny norsk rekord på 30 piler for recurvelag, 745 poeng. Dette blei markert i samband med eit nytt stemne måndag kveld.

Då fekk Vilde Fauske Aalen (15), Lene Fauske Aalen (15) og Ane Sandnes-Tonning (14) kvar sin diplom frå bogeskyttarforbundet som synleg bevis for bragden. Tvillingane Fauske Aalen deltok tidligare i år på laget som tok bronse under NM innandørs i Sandefjord. Det gjorde òg Ane, som i tillegg var med på laget som tok sølv under NM skive på Sørumsand. Ikkje nok med det, for i stemnet i forkant av diplomutdelinga skaut Lene like godt 527 poeng. Det er beste poengsum for u16 recurve 60 piler så langt denne sesongen, uansett gutar eller jenter.

Etter to år med nedgang i medlemstal er bogeskyttarsporten på fram gang på landsbasis. I FØrde har vi også opplevd ein fin utvikling både i tal medlemmar og sportsleg med mange gode resultat. Sålangt i år har klubben sanka mykje edelt metall både individuelt og som lag i nasjonale og regionale meisterskap, og det er ungdommen som går føre.