Moro på Mo

Lærarane ved Sunde skuleTorsdag avrunda lærarane på Sunde skule planleggingsveka før skulestart med  ein sosial samling ved Movatnet, like ved Mo (og Øyrane) vidaregåande skule. Hit var vi i bogeskyttarklubben inviterte til å stille med utstyr og instruktørar for ei uhøgtidleg tevling.  Slikt har vi gjort før, og det blei ikkje mindre artig denne gongen. Lærarane gjekk inn i det med liv og sjel, og gjorde det beste dei kunne sjølv om dei fleste ikkje hadde tatt i pil og boge sidan barndommen. Alle fekk nøkkelbånd frå NM innandørs som suvernir for deltakinga, og vi avslutta med ein real «shoot off» der alle skaut ei pil kvar og beste treff vant. Her traff bestemann mindre enn to centimeter frå absolutt senter. Dei to mest treffsikre fekk kvar sin refleksvest med NM-logo på. Takk for oppdraget, og ta gjerne kontakt seinare. Vi kan gjere meir av dette.