NM innandørs er eit breiddearrangement like mykje som ein meisterskap. Det er bogeskyttarane sin Norway Cup. Her kjem alle slag utøvarar; Elite og nybegynnarar, ungdom frå 13 år og veteranar langt oppe i pensjonistalder, gutar, jenter, damer og herrar, med og uten releaser og siktemiddel. Å stelle til selsskap for så mange i Førdehuset trengs hjelp frå mange hender og mange hald.
Først vil vi takke Sparebankstiftinga for den store gåva på 100.000 kroner som verkeleg sparka i gang førebuingane. Utstyret vi kjøper inn for desse pengane vil kome bogeskytinga elles i fylket og regionen til gode når NM er ferdig. Så må vi takke Førde kommune og Førdehuset som spanderar husleiga på oss for dei fire dagane det tek å gjennomføre NM i høve 50 årsjubileumet.
I tillegg kjem endå ei lang rad vener i det varierte og spanande næringslivet vi har i Førde. Her har vi fått mange positive reaksjonar på telefonar og e-postar med førespurnad om økonomisk og praktisk støtte. Vi rettar ein stor takk til desse òg. Støtt våre sponsorar og annonsørar! Dei støttar oss når vi treng det.