NM-sponsorar og annonsørar

Lagbilde med gåvesjekkNM innandørs er eit breiddearrangement like mykje som ein meisterskap. Det er bogeskyttarane sin Norway Cup. Her kjem alle slag utøvarar; Elite og nybegynnarar, ungdom frå 13 år og veteranar langt oppe i pensjonistalder, gutar, jenter, damer og herrar, med og uten releaser og siktemiddel. Å stelle til selsskap for så mange i Førdehuset trengs hjelp frå mange hender og mange hald.

Først vil vi takke Sparebankstiftinga for den store gåva på 100.000 kroner som verkeleg sparka i gang førebuingane. Utstyret vi kjøper inn for desse pengane vil kome bogeskytinga elles i fylket og regionen til gode når NM er ferdig. Så må vi takke Førde kommune og Førdehuset som spanderar husleiga på oss for dei fire dagane det tek å gjennomføre NM i høve 50 årsjubileumet.

I tillegg kjem endå ei lang rad vener i det varierte og spanande næringslivet vi har i Førde. Her har vi fått mange positive reaksjonar på telefonar og e-postar med førespurnad om økonomisk og praktisk støtte. Vi rettar ein stor takk til desse òg. Støtt våre sponsorar og annonsørar! Dei støttar oss når vi treng det.


Generalsponsorar

BOB logoKroa logoEnivest logo


Hovudsponsorar

Arctic Buesport AS logo

Kontorsenteret logo


Sponsorar

bilpleiehallen logonaf logo Frydenbø logo HVL-logo Gravdalgruppa logo  airlift logoDeloitte logokontorspar logo

Forbundssponsorar