Du er ikkje ferdig med jobben før papirarbeidet er gjort, blir det sagt. Det er over to måneder sidan vi fylte hotella, campingplassen, byen og Førdehuset med glade bogeeskyttarar, men det er først i desse dagar at vi kan sei at arrangementet er over. Kvardagen i klubben er tilbake på skinner og vi har flytta aktiviteten ut på bana vår ved Halbrend skule. «Lånte fjør» er levert tilbake, regnskapet er gjort opp og vi har fordelt utstyr vi hadde til overs til andre klubbar og grupper i regionen, alt slik det blei avtalt på førehand. Vi har hatt tidenes jubileumsfest og er klare for 50 åra til, minst. Minnene og erfaringane skal vi óg ta godt vare på. Eit mediateam og fleire fotografar fulgte konkurransane i Førdehuset, så ta ein titt på videominneboka vår nedanfor. Takk også til vèrgudane som var usedvanlig rause med solskinn og varme dei dagene vi hadde gjestane våre i byen.
Kategoriarkiv: NM inne 2019
Alt klart til NM på heimebane
Gløym Hurtigruta, Bergensbanen og Lars Monsen!
Denne helga kan du enten tilbringe i Førdehuset og sjå god bogeskyting live og i ekte 3D, eller du kan klikke deg over på Youtube og få med deg alt som skjer likevel.
- Pulje 1, fredag kl.14
- Pulje 2 og 3, laurdag kl. 08
- Lagfinalar, laurdag kl. 17
- Individuelle finalar, søndag kl. 08.30
Det er gratis inngang i Førdehuset, og der kan du også få med deg ein heimelaga og handlaga maskot heim for berre 50-lappen. Han er litt forknytt, men heng godt med.
God tur og velkommen til Førde
I mange månader, faktisk eit par år, har vi tenkt på og forberedt oss på at bogeskyttarar frå heile landet ein dag skal komme til oss i Førde og til NM i Førdehuset. No er dei på veg, og vi er så klare som vi kan bli.
Torsdag morgon 4. april overtar vi regien i idrettshallen og festsalen, og i løpet av ein dag skal det bli ein flott arena for store og små bogeskyttarar. Vi skal legge forholda så godt til rette for gode prestasjonar og sann idrettsglede enten du er rekrutt eller 50+, om du skyt med sikte og stabilisatorar eller du synest det er best utan.
351 utøvarar er meldt på frå 53 klubbar. Nokon har nett kjøpt sin første boge, andre vært i OL. Og for første gong skal eit NM overførast direkte på nett-TV. No kan dei heime sjå kva som skjer i hallen mens det skjer, og du som er i hallen kan vinke heim. I tre dagar skal topp og breidde i norsk bogeskyting møtast i vår eiga storstove. Blir det heimesiger? Blir det ny verdsrekord? Det er fullt mogleg. Moroa startar fredag kl. 14 og på søndag ettermiddag er det avgjort. Dette blir spanande!
Takk til dei gode hjelparane
Ei kjem langt med god tru på eigne krefter og entusiasme, men det hjelper veldig mykje å ha gode hjelparar. Om ei drøy veke tar vi kontroll over Førdehuset for å stelle i stand til NM innandørs. Vi kan arrangere bogeskyttarstemne i Førde. Det har vi gjort mange gonger og veit kva som skal til. Men ein nasjonale meisterskap er noko meir. Det tek lenger tid, krev meir plass og så vil vi gjerne pynte kaka litt. Det er då vi treng hjelp.
Og hjelp har vi fått, frå forbundet, frå naboklubbar og ikkje minst frå mykje av det spanande næringslivet i og omkring Førde. Dei har ytt oss både økonomisk og praktisk hjelp. Ta ein titt på sponsorsida vår! Det er desse bedrftene som i tillegg til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Førde kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune har løfta arrangementet vår opp og fram. Vi rettar ein stor takk til alle saman og oppmoder alle til å støtte dei. Dei har støtta oss. Dette hadde vi ikkje greid om verda berre besto av nettbutikkar.
Vil du vere med på NM?
Når ein skal halde stort selskap og ventar masse gjester til gards, trengs det mange hjelpsomme hender. Difor inviterar vi førdianarane med på feiringa. Vi treng dugnadshjelp både fredag, lørdag og søndag 5. – 7. april til store og små oppgåver. Det kan vere alt fra å henge opp resultatlister og halde Førdehuset ryddig til å vere med å klargjere konkurransearenaen for ei ny pulje skyttarar.
Du treng ikkje vite noko om bogeskyting for å melde deg. Du får all opplæring og informasjon du treng. Har du lyst, har du lov, og du melder deg på ved å fylle ut skjemaet vi har laga. Så tar vi kontakt med deg.
Feil kontonummer i NM-invitasjonen
Det er under ein månad til påmeldingsfristen til NM innandørs og nøyaktig to månader til dei to første puljene skal skyte sine 60 piler. Då er det leit å få melding om at ein feil har sneket seg inn i kontonummeret i den første invitasjonen. Det rette kontonummeret er 3705.37.52633. Invitasjonen i terminlista er oppdatert med rett siffer og kan lastast ned frå terminlista.
Invitasjon til NM innandørs 2019
Jula er rett om hjørnet og vi håpar at det blir ei god høgstid med kvile frå kvardagen for alle landets bogeskyttarar. Restitusjon og sosiale aktivitetar er viktige moment for å kunne yte maksimalt når det gjeld.
Med den offisielle invitasjonen reknar vi med at jula held som lova og varer heilt til påske slik at riktig mange tek den gode stemninga med seg til Førde og NM innandørs 5. til 7. april 2019. Vi skal på vår side gjere det beste vi kan for at opplevinga og 50 årsjubileumet vårt skal bli ein fest.
Viktige datoar:
- Hotellrom bør reserverast før 15. januar
- Påmeldingsfristen er satt til 1. mars
Velkommen til oss. La oss fylle Førdehuset med glade bogeskyttarar!
Ei kjempegåve frå Sparebankstiftinga
Sparebankstiftinga ga 100 000 kroner til NM innandørs 2019.
– Det blir ein kjempefest å få arrangere NM i bogeskyting i Førdehuset. Det er ei tillitserklæring frå forbundet og resten av bogeskyttarmiljøet i landet til klubben vår, seier Jan Roar Sekkelsten, leiar i klubben.
– Det vil ikkje berre gje utøvarane våre inspirasjon til vidare satsing, men òg ringverknader til naboklubbar og regionen, fortel Sekkelsten.
Ein sport for alle
To dagar i veka møtes bogeskyttarklubben i Førdehuset for å trene. Under treninga torsdag 13. september var også banksjef Roy Stian Farsund til stades, og hadde med seg ei pengegåve på 100 000 kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane som klubben får til å arrangere NM neste år.
– Dette er ein sport som veldig mange kan drive med, uansett alder og ambisjonsnivå. Det er gledeleg å kunne vere med å støtte opp under desse litt mindre idrettane også. Det handlar om breidde og å ha eit variert fritidstilbod til barn, unge og vaksne, seier Farsund.
Gåva er gitt av Sparebankestiftinga Sogn og Fjordane som forvaltar banken sitt overskotet. Pengane skal gå til innkjøp av nye skytematter med stativ som er ein føresetnad for å arrangere meisterskapen.
– Etter arrangementet vil halvparten av desse mattene bli fordelt mellom dei andre aktive klubbane i Sogn og Fjordane, seier Sekkelsten.
Samarbeider om arrangementet
Klubben blei starta i 1969 og har i dag ca 40 aktive medlemmer frå heile Sunnfjord i alderen 8 – 68 år.
– Vi reknar med at ein stad mellom 350 og 400 deltakarar frå heile landet i alderen frå 13 år til nærare 80 år vil kome til Førde. I tillegg til Førde Bogeskyttarklubb er det fem aktive bogeskyttarklubbar/-grupper i Sogn og Fjordane. Desse vil bli trekt aktivt med i den praktiske avviklinga av meisterskapen for å bygge kompetansen og få stemne fleire stader.
Tak over hovudet under NM inne 2019
No er NM skive i Fredrikstad og NM 3D på Røros ferdig skutt, og vi i Førde gratulerar både arrangørar og utøvarar med innsatsen. Måndag 3. september starta vi opp innandørs til ein sesong som har eit storslått mål. Neste gong bogeskyttar-Noreg samlast til NM er det altså i storstova vår, Førdehuset, 5. – 7. april 2019.
Då er det er 41 år sidan sist, og vi håper de stiller mannsterkt til det som óg blir markeringa av 50 år med organisert bogeskyting i Førde. Vedlagt finn de ein oversikt over hotellavtalane vi har inngått og fleire alternative moglegheiter til å skaffe dykk tak over hovudet. I Førde har vi noko for ein kvar smak. Prisar og kontaktopplysingar kan lastast ned herfrå
Vi ønskjer dykk alle saman hjarteleg velkomne!