Utesesong

Utesesongen i bogeskytinga er godt i gang. Denne sommaren befinner vi oss på grasmarka bak Biltema i Førde. Dette fordi det er arbeid på Halbrend skule, der vi orginalt har ei bogeskyttarbane.

Ettersom corona fortsatt er ein stor del av kvardagen vår, er det ikkje mogeleg å låne utstyr i tida med smitteverntiltak. Personar som har eige utstyr er velkomne til å låne matter når ein sjølv skulle ønske (bortsett frå heilage dagar). Ver oppmerksam på smitteverntiltak med 1-2 meter avstand og bruk antipac hyppig.

Ellers er det berre å ta kontakt på vår Facebook side dersom ein det er noko ein lurer på!

Adventspila 2019

Finalane godt i gang

Bilder frå Adventspila 2019

Mykje moro med julemusikk i bakgrunnen under innledande. Både store og små deltok og fekk premie.

Hyggeleg med deltakarar frå både Vigra, Ytre Nordfjord og Loen!

Adventpila

I samband med utviklinga av klubben og vårt årlege adventstemne prøver vi ut ein ny måte å melde seg på stemner. Dette er ein funksjon som gjer det mogeleg å melde seg på og betale i eitt. All påmelding til Adventspila 2019 vil gå gjennom linken nedanfor.

Du trenger Ianseo nummer, altså skytenummeret ditt til påmeldinga. Dette kan du søke det fram i skytterdatabasen til forbundet.

Du  finn påmeldingssida her. Betaling skjer valfritt med kort eller Vipps.

Halloween skyting

Jan Roar godt fornøgd med å treffe midt i nasa på graskaret.

Variert trening er viktig. Og difor satt vi opp litt andre typar blinkar på trening i dag, på sjølve Halloween. Her fekk vi prøve oss på å skyte både flaggermus og graskar, samt vanlege blinkar for dei som heller ville det.

Moro på Mo

Lærarane ved Sunde skule

Torsdag avrunda lærarane på Sunde skule planleggingsveka før skulestart med  ein sosial samling ved Movatnet, like ved Mo (og Øyrane) vidaregåande skule. Hit var vi i bogeskyttarklubben inviterte til å stille med utstyr og instruktørar for ei uhøgtidleg tevling.  Slikt har vi gjort før, og det blei ikkje mindre artig denne gongen. Lærarane gjekk inn i det med liv og sjel, og gjorde det beste dei kunne sjølv om dei fleste ikkje hadde tatt i pil og boge sidan barndommen. Alle fekk nøkkelbånd frå NM innandørs som suvernir for deltakinga, og vi avslutta med ein real «shoot off» der alle skaut ei pil kvar og beste treff vant. Her traff bestemann mindre enn to centimeter frå absolutt senter. Dei to mest treffsikre fekk kvar sin refleksvest med NM-logo på. Takk for oppdraget, og ta gjerne kontakt seinare. Vi kan gjere meir av dette.

For en NM-fest!

Du er ikkje ferdig med jobben før papirarbeidet er gjort, blir det sagt. Det er over to måneder sidan vi fylte hotella, campingplassen, byen og Førdehuset med glade bogeeskyttarar, men det er først i desse dagar at vi kan sei at arrangementet er over. Kvardagen i klubben er tilbake på skinner og vi har flytta aktiviteten ut på bana vår ved Halbrend skule. «Lånte fjør» er levert tilbake, regnskapet er gjort opp og vi har fordelt utstyr vi hadde til overs til andre klubbar og grupper i regionen, alt slik det blei avtalt på førehand. Vi har hatt tidenes jubileumsfest og er klare for 50 åra til, minst. Minnene og erfaringane skal vi óg ta godt vare på. Eit mediateam og fleire fotografar fulgte konkurransane i Førdehuset, så ta ein titt på videominneboka vår nedanfor. Takk også til vèrgudane som var usedvanlig rause med solskinn og varme dei dagene vi hadde gjestane våre i byen.

Alt klart til NM på heimebane

Gløym Hurtigruta, Bergensbanen og Lars Monsen!
Denne helga kan du enten tilbringe i Førdehuset og sjå god bogeskyting live og i ekte 3D, eller du kan klikke deg over på Youtube og få med deg alt som skjer likevel.

Det er gratis inngang i Førdehuset, og der kan du også få med deg ein heimelaga og handlaga maskot heim for berre 50-lappen. Han er litt forknytt, men heng godt med.

 

God tur og velkommen til Førde

Bildecollage Velkommen til NMI mange månader, faktisk eit par år, har vi tenkt på og forberedt oss på at bogeskyttarar frå heile landet ein dag skal komme til oss i Førde og til NM i Førdehuset. No er dei på veg, og vi er så klare som vi kan bli.

Torsdag morgon 4. april overtar vi regien i idrettshallen og festsalen, og i løpet av ein dag skal det bli ein flott arena for store og små bogeskyttarar. Vi skal legge forholda så godt til rette for gode prestasjonar og sann idrettsglede enten du er rekrutt eller 50+, om du skyt med sikte og stabilisatorar eller du synest det er best utan.

351 utøvarar er meldt på frå 53 klubbar. Nokon har nett kjøpt sin første boge, andre vært i OL. Og for første gong skal eit NM overførast direkte på nett-TV. No kan dei heime sjå kva som skjer i hallen mens det skjer, og du som er i hallen kan vinke heim. I tre dagar skal topp og breidde i norsk bogeskyting møtast i vår eiga storstove. Blir det heimesiger? Blir det ny verdsrekord? Det er fullt mogleg. Moroa startar fredag kl. 14 og på søndag ettermiddag er det avgjort. Dette blir spanande!

Takk til dei gode hjelparane

Ei kjem langt med god tru på eigne krefter og entusiasme, men det hjelper veldig mykje å ha gode hjelparar. Om ei drøy veke tar vi kontroll over Førdehuset for å stelle i stand til NM innandørs. Vi kan arrangere bogeskyttarstemne i Førde. Det har vi gjort mange gonger og veit kva som skal til. Men ein nasjonale meisterskap er noko meir. Det tek lenger tid, krev meir plass og så vil vi gjerne pynte kaka litt. Det er då vi treng hjelp.

Og hjelp har vi fått, frå forbundet, frå naboklubbar og ikkje minst frå mykje av det spanande næringslivet i og omkring Førde. Dei har ytt oss både økonomisk og praktisk hjelp.  Ta ein titt på sponsorsida vår! Det er desse bedrftene som i tillegg til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Førde kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune har løfta arrangementet vår opp og fram. Vi rettar ein stor takk til alle saman og oppmoder alle til å støtte dei. Dei har støtta oss. Dette hadde vi ikkje greid om verda berre besto av nettbutikkar.

Berit Randi blei meister i «feil» region

Berit Randi med gullmedalje og premieBerit Randi Alden-Håøy vann laurdag klasse recurve damer senior under region-meisterskapen for Midtnorge på Vigra. Under kvalifiseringsrunden med 60 piler på 18 meters avstand vann ho med meir enn hundre poeng. Difor var det inga stor overrasking at ho sidan tok heim gullet i finalematchen som avgjorde kampen om meistertittelen. Motstandaren var frå Sverresborg bueskytterklubb i Trondheim.

Berit Randi er opphaveleg frå Stryn, men bur i Eikefjord og skyt no for Førde bogeskyttarklubb. Det var òg andre frå fylket som gjorde det skarpt i same stemne. Jan Ove Hogrenning frå Loen vann klassen recurve herrar senior. I denne klassen kapra i tillegg Vidar Kvalheim frå Ytre Nordfjord buskyttere 4. plassen.

Det var i alt påmeldt 63 deltakarar til stemnet. Dette var eit opent meisterskap med deltakarar frå Trøndelag til Sunnfjord, noko som forklarar korleis deltakarar frå Sunn- og Nordjord kan bli regionmeistrar for Midtnorge. Om tre veker, 5. til 7. april er det klart for NM innandørs bogeskyting i Førdehuset med Førde bogeskyttarklubb som arrangør. Då stiller Berit Randi saman med 22 andre frå same klubb på skytelina i kamp om gull og kongepokal.