Velkommen til Tir de Fjords 2021

Velkommen til TdF

Fire bogeskyttarklubbar i Sogn og Fjordane blåser liv i Firdaveitsla att og inviterer til ei midtsommarveke med bogeskyting, stemning og gode vener i dei vakraste omgjevnadene ferielandet Noreg kan by på. Etter at NIF, Noregs idrettsforbund og Olympiske komitè har stadfesta at det frå 27. mai kan igjen arrangerast stemne når lokale smittevernkrav er oppfylte, ligge det til rette for at Tir de Fjords 2021 kan gjennomførast som planlagt 12. til 18 juli 2021.

  • Måndag 12. juli: 1440-runde i Førde, arr.: Førde bogeskyttarklubb
  • Onsdag 14. juli: 24 mål 3D i Florø, arr.: Fjordane bogsekyttarlag
  • Fredag 16. juli: Norsk kortrunde i Loen, arr.: Loen IL – Bogeskyttargruppa
  • Søndag 18. juli: 720-runde med finalar i Måløy, arr.: Ytre Nordfjord bueskytterklubb

Invitasjon:
https://drive.google.com/file/d/1Sfa71FEETC9MQEL1vDmaYcOgd9mQnmrv/view?usp=sharing

Påmelding seinast 1. juli 2021:
https://forms.gle/P1BvuCouUa6aG2Nh6 eller e-post til forde@bueklubb.no.

Faktura sendast ut til klubbane etter at påmeldingsfristen er gått ut.