Forfatterarkiv: web-admin

Takk til dei gode hjelparane

Ei kjem langt med god tru på eigne krefter og entusiasme, men det hjelper veldig mykje å ha gode hjelparar. Om ei drøy veke tar vi kontroll over Førdehuset for å stelle i stand til NM innandørs. Vi kan arrangere bogeskyttarstemne i Førde. Det har vi gjort mange gonger og veit kva som skal til. Men ein nasjonale meisterskap er noko meir. Det tek lenger tid, krev meir plass og så vil vi gjerne pynte kaka litt. Det er då vi treng hjelp.

Og hjelp har vi fått, frå forbundet, frå naboklubbar og ikkje minst frå mykje av det spanande næringslivet i og omkring Førde. Dei har ytt oss både økonomisk og praktisk hjelp.  Ta ein titt på sponsorsida vår! Det er desse bedrftene som i tillegg til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Førde kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune har løfta arrangementet vår opp og fram. Vi rettar ein stor takk til alle saman og oppmoder alle til å støtte dei. Dei har støtta oss. Dette hadde vi ikkje greid om verda berre besto av nettbutikkar.

Berit Randi blei meister i «feil» region

Berit Randi med gullmedalje og premieBerit Randi Alden-Håøy vann laurdag klasse recurve damer senior under region-meisterskapen for Midtnorge på Vigra. Under kvalifiseringsrunden med 60 piler på 18 meters avstand vann ho med meir enn hundre poeng. Difor var det inga stor overrasking at ho sidan tok heim gullet i finalematchen som avgjorde kampen om meistertittelen. Motstandaren var frå Sverresborg bueskytterklubb i Trondheim.

Berit Randi er opphaveleg frå Stryn, men bur i Eikefjord og skyt no for Førde bogeskyttarklubb. Det var òg andre frå fylket som gjorde det skarpt i same stemne. Jan Ove Hogrenning frå Loen vann klassen recurve herrar senior. I denne klassen kapra i tillegg Vidar Kvalheim frå Ytre Nordfjord buskyttere 4. plassen.

Det var i alt påmeldt 63 deltakarar til stemnet. Dette var eit opent meisterskap med deltakarar frå Trøndelag til Sunnfjord, noko som forklarar korleis deltakarar frå Sunn- og Nordjord kan bli regionmeistrar for Midtnorge. Om tre veker, 5. til 7. april er det klart for NM innandørs bogeskyting i Førdehuset med Førde bogeskyttarklubb som arrangør. Då stiller Berit Randi saman med 22 andre frå same klubb på skytelina i kamp om gull og kongepokal.

Vil du vere med på NM?

Når ein skal halde stort selskap og ventar masse gjester til gards, trengs det mange hjelpsomme hender. Difor inviterar vi førdianarane med på feiringa. Vi treng dugnadshjelp både fredag, lørdag og søndag 5. – 7. april til store og små oppgåver.  Det kan vere alt  fra å henge opp resultatlister og halde Førdehuset ryddig til å vere med å klargjere konkurransearenaen for ei ny pulje skyttarar.

Du treng ikkje vite noko om bogeskyting for å melde deg. Du får all opplæring og informasjon du treng. Har du lyst, har du lov, og du melder deg på ved å fylle ut skjemaet vi har laga. Så tar vi kontakt med deg.

Feil kontonummer i NM-invitasjonen

Sjokkert emojiDet er under ein månad til påmeldingsfristen til NM innandørs og nøyaktig to månader til dei to første puljene skal skyte sine 60 piler. Då er det leit å få melding om at ein feil har sneket seg inn i kontonummeret i den første invitasjonen. Det rette kontonummeret er 3705.37.52633. Invitasjonen i terminlista er oppdatert med rett siffer og kan lastast ned frå terminlista.

Klubbavtale med Arctic Buesport AS

Arctic Buesport AS logoVed årsskiftet inngjekk Førde bogeskyttarklubb eit samarbeid med Arctic Buesport som leverandør av utstyr til både klubben og medlemmane. Vi har hatt svært god rekruttering det siste året, og er glade for å få på plass ein slik avtale. Gjennom avtalen sikrar vi oss best mogleg pris både på nyinnkjøp og supplering. Vi har allereie lang erfaring med Arctic Buesport som leverandør og veit at dei både er konkurransedyktige på pris, leveringsdyktige og at dei yter svært god service og oppfølging. Dette gjeld ikkje minst alt vi treng for å gjennomføre NM innandørs bogeskyting 2019 5. til 7. april.

Invitasjon til NM innandørs 2019

Førdehuset fasadeJula er rett om hjørnet og vi håpar at det blir ei god høgstid med kvile frå kvardagen for alle landets bogeskyttarar. Restitusjon og sosiale aktivitetar er viktige moment for å kunne yte maksimalt når det gjeld.

Med den offisielle invitasjonen reknar vi med at jula held som lova og varer heilt til påske slik at riktig mange tek den gode stemninga med seg til Førde og NM innandørs 5. til 7. april 2019. Vi skal på vår side gjere det beste vi kan for at opplevinga og 50 årsjubileumet vårt skal bli ein fest.

Viktige datoar:

  • Hotellrom bør reserverast før 15. januar
  • Påmeldingsfristen er satt til 1. mars

Velkommen til oss. La oss fylle Førdehuset med glade bogeskyttarar!

Adventpila 2018

PremiebordTradisjonen tru inviterar vi også i år til to dagar med bogeskyttarmoro i Gaularhallen. Dette har vore fast innslag andre adventhelga dei siste tre-fire åra. Det brukar komme folk fra både sør og nord, i blant òg frå aust. På det meste har det vært over 50 deltakarar.

Konkurranseprogrammer er like tradisjonelt. Sidan mange må reise langt, legg vi opp til to dagar med det vi likar best, mest mogleg skyting. Det blir 60 piler på 12/18 meter på laurdag, og 30 piler på same avstand på søndag. Sjølvlvsagt skal vi ha finalar begge dagar.

Invitasjonen ligg i terminlista til NBF og kan lastast ned her

VELKOMMEN!

Grenselaus idrettsdag

Bogeskyting var eit av tilboda under Grenselaus Idrettsdag i Førdehuset laurdag 17. november. Det var jamne tilsig av interesserte heile tida og alle som ville fekk prøve seg uansett funksjonsnivå. Bogeskyting er noko alle kan meistre på sitt vis. Nokre kom attende gong på gong. Det var tydeleg at dette ga meirsmak.

Ei kjempegåve frå Sparebankstiftinga

Lagbilde med gåvesjekk

Foto: Sparebankstiftinga – Inger Marie Lien

Sparebankstiftinga ga 100 000 kroner til NM innandørs 2019.

– Det blir ein kjempefest å få arrangere NM i bogeskyting i Førdehuset. Det er ei tillitserklæring frå forbundet og resten av bogeskyttarmiljøet i landet til klubben vår, seier Jan Roar Sekkelsten, leiar i klubben.

– Det vil ikkje berre gje utøvarane våre inspirasjon til vidare satsing, men òg ringverknader til naboklubbar og regionen, fortel Sekkelsten.

Ein sport for alle
To dagar i veka møtes bogeskyttarklubben i Førdehuset for å trene. Under treninga torsdag 13. september var også banksjef Roy Stian Farsund til stades, og hadde med seg ei pengegåve på 100 000 kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane som klubben får til å arrangere NM neste år.

– Dette er ein sport som veldig mange kan drive med, uansett alder og ambisjonsnivå. Det er gledeleg å kunne vere med å støtte opp under desse litt mindre idrettane også. Det handlar om breidde og å ha eit variert fritidstilbod til barn, unge og vaksne, seier Farsund.

Bogeskyttarar på line

TREFFSIKRE: Små og store øver for å treffe blink.

Gåva er gitt av Sparebankestiftinga Sogn og Fjordane som forvaltar banken sitt overskotet. Pengane skal gå til innkjøp av nye skytematter med stativ som er ein føresetnad for å arrangere meisterskapen.

– Etter arrangementet vil halvparten av desse mattene bli fordelt mellom dei andre aktive klubbane i Sogn og Fjordane, seier Sekkelsten.

Samarbeider om arrangementet
Klubben blei starta i 1969 og har i dag ca 40 aktive medlemmer frå heile Sunnfjord i alderen 8 – 68 år.

–  Vi reknar med at ein stad mellom 350 og 400 deltakarar frå heile landet i alderen frå 13 år til nærare 80 år vil kome til Førde. I tillegg til Førde Bogeskyttarklubb er det fem aktive bogeskyttarklubbar/-grupper i Sogn og Fjordane. Desse vil bli trekt aktivt med i den praktiske avviklinga av meisterskapen for å bygge kompetansen og få stemne fleire stader.

Tak over hovudet under NM inne 2019

No er NM skive i Fredrikstad og NM 3D på Røros ferdig skutt, og vi i Førde gratulerar både arrangørar og utøvarar med innsatsen. Måndag 3. september starta vi opp innandørs til ein sesong som har eit storslått mål. Neste gong bogeskyttar-Noreg samlast til NM er det altså i storstova vår, Førdehuset, 5. – 7. april 2019.

Då er det er 41 år sidan sist, og vi håper de stiller mannsterkt til det som óg blir markeringa av 50 år med organisert bogeskyting i Førde. Vedlagt finn de ein oversikt over hotellavtalane vi har inngått og fleire alternative moglegheiter til å skaffe dykk tak over hovudet. I Førde har vi noko for ein kvar smak. Prisar og kontaktopplysingar kan lastast ned herfrå

Vi ønskjer dykk alle saman hjarteleg velkomne!