
Skifte av årsmøtestad

Styret i Førde bogeskyttarklubb kallar med dette inn til årsmøte
Dato: onsdag 24. mars 2021
Tid: 18.00
Stad: ENDRING: FØRDE GJESTEHUS & CAMPING, Kronborgveien 44.
Vanlege årsmøtesaker:
Saker til årsmøte må meldast til styret innan 10. mars 2021 på e-post til forde@bueklubb.no.
Sakspapirer blir lagt ut på nettsida til klubben seinast ei veke før årsmøtet.
Medlemspengar for inneverande år må vere betalt for å ha møte- og røysterett.
Føresette kan møte og røyste for mindreårige.
For styret
Jan R. Sekkelsten, leiar
Då skal vi snart sette i gang innendørssesongen, med første trening inne, mandag 7. september klokka 19.00
For å starte opp sesongen inne i Førdehuset, er det visse reglar vi er nødt å følgje i desse korona tider. Det er kjempeviktig at alle som skal komme på treningane har lese og følgjer desse reglane, dersom vi skal kunne halde fram med trening denne hausten.
Retningslinjer for trening i idrettshallen – covid19 pr 21.08.20
Utesesongen i bogeskytinga er godt i gang. Denne sommaren befinner vi oss på grasmarka bak Biltema i Førde. Dette fordi det er arbeid på Halbrend skule, der vi orginalt har ei bogeskyttarbane.
Ettersom corona fortsatt er ein stor del av kvardagen vår, er det ikkje mogeleg å låne utstyr i tida med smitteverntiltak. Personar som har eige utstyr er velkomne til å låne matter når ein sjølv skulle ønske (bortsett frå heilage dagar). Ver oppmerksam på smitteverntiltak med 1-2 meter avstand og bruk antipac hyppig.
Ellers er det berre å ta kontakt på vår Facebook side dersom ein det er noko ein lurer på!
Bilder frå Adventspila 2019
Mykje moro med julemusikk i bakgrunnen under innledande. Både store og små deltok og fekk premie.
Hyggeleg med deltakarar frå både Vigra, Ytre Nordfjord og Loen!
I samband med utviklinga av klubben og vårt årlege adventstemne prøver vi ut ein ny måte å melde seg på stemner. Dette er ein funksjon som gjer det mogeleg å melde seg på og betale i eitt. All påmelding til Adventspila 2019 vil gå gjennom linken nedanfor.
Du trenger Ianseo nummer, altså skytenummeret ditt til påmeldinga. Dette kan du søke det fram i skytterdatabasen til forbundet.
Du finn påmeldingssida her. Betaling skjer valfritt med kort eller Vipps.
Variert trening er viktig. Og difor satt vi opp litt andre typar blinkar på trening i dag, på sjølve Halloween. Her fekk vi prøve oss på å skyte både flaggermus og graskar, samt vanlege blinkar for dei som heller ville det.
Torsdag avrunda lærarane på Sunde skule planleggingsveka før skulestart med ein sosial samling ved Movatnet, like ved Mo (og Øyrane) vidaregåande skule. Hit var vi i bogeskyttarklubben inviterte til å stille med utstyr og instruktørar for ei uhøgtidleg tevling. Slikt har vi gjort før, og det blei ikkje mindre artig denne gongen. Lærarane gjekk inn i det med liv og sjel, og gjorde det beste dei kunne sjølv om dei fleste ikkje hadde tatt i pil og boge sidan barndommen. Alle fekk nøkkelbånd frå NM innandørs som suvernir for deltakinga, og vi avslutta med ein real «shoot off» der alle skaut ei pil kvar og beste treff vant. Her traff bestemann mindre enn to centimeter frå absolutt senter. Dei to mest treffsikre fekk kvar sin refleksvest med NM-logo på. Takk for oppdraget, og ta gjerne kontakt seinare. Vi kan gjere meir av dette.