Kategoriarkiv: Ukategorisert

Kveldsstemne i Førdehuset

Elleve skyttarar på linja, og mykje god skyting også i kveld i Førdehuset, spesielt med tanke på at mange hadde skote 60-piler på stemnet på Vigra i helga. Det vanka perser for Vilde og Alexander som skaut sitt første stemne på 40-skive, medan også Madelen sette pers for tredje stemne på rad. Terje stod for kveldens beste poengsum med 520.
Spørst om det ikkje må investerast i fleire bingoegg framover. I kveld rauk dei eitt etter eitt. Først til Christian, så Madelen og til slutt Ella. Nok ein gang, dette lovar godt til NM.
Hugs at vi har utstyrsavtale med Arctic Buesport

Regionmeisterskap nordvest 2023

  
Vipps så var årets siste regionmeistrar kåra i Nordvest. Gratulerer!
Staden var Halbrendhallen i Førde, der 16 skyttarar frå Førde, Vigra og Ålesund varta opp med til tider imponerande skyting i det Jan Roar skildra som fin temperatur for handball.
Tette og jamne finalerkampar om medaljane, som inneheld det meste: comeback, nerver, skuffelse, søskenoppgjer, veninneoppgjer, familieoppgjer. Til slutt kunne likevel dei fleste reise heim med pokal og medalje, men også med heva hovud over gode resultat. Ingen nemnde, ingen gløymde.
Vi takkar Naustdal Dampbakeri a/s for nydelige frukostbrød, og sjølvsagt Arctic Buesport, vår partner og støtte når det gjeld tilgang til riktig utstyr og gode prisar.
Til slutt takkar Førde bogeskyttarklubb gode vener og konkurrentar frå Vigra og Ålesund for godt selskap. Så skytast vi igjen

Forbundets sølv til Ole Magnar

Ole Magnar med diplomOle Magnar Stein ble tildelt Bueskytterforbundets hederstegn i sølv for sin innsats for klubb og idrett. Hederstegnet ble delt ut på bueskytter tinget som pågår ved Gardermoen denne helga. Ole Magnar ble også tildelt æresmedlemskap på årsmøtet i klubben 7. april.

Ole Magnar hevder med kjent selvironi at han sannsynligvis er en av dem i Norge som over tid har SETT flest bueskytterstevner som pappa, instruktør, ledsager, tillitsvalgt, dommer og funksjonær før han også begynte å skyte selv, men også etterpå. I klubben er han en viktig kunnskapskilde, erfaringsbærer og stemningsskaper, samtidig som han har et jordnært og pragmatisk tilnærming til idrettens vesen og alt rundt. Med en vid kontaktflate har han åpnet mange muligheter for klubben som har vært nyttige til kompetanseutvikling, nye aktiviteter og uante muligheter. Ole Magnar er heller ikke av dem som sier nei når noe skal gjøres. Han er et sikkert kort når det må dugnad til.

Uten Ole Magnars organisasjonsevne, ukuelige pågangsmot, tiltakslyst og gode humør ville slike ting som NM innendørs 2019 i Førdehuset neppe vært mulig.

Førde bogeskyttarklubb gratulerer vår Grand Old Man.

Pallplass til alle

Vi sendte to unge deltakarar som knapt har konkurrert utanfor Sogn og fjordane til NM på austlandet og får begge to på pallen i recurve rekrutt hhv. jenter og gutar. Ein skal jo alltid vere optimist, men den sunnfjordske realismen er snar om å hente deg ned på jorda. Likevel, desse flotte ungdommane tok heim med kvar si medalje. Meir enn det er det vanskelig å ønskje seg, og ein skal slett ikkje forvente det.

GRATULERER så mykje med sølv til Victoria Selvik, bronse til Jan Tomkiewicz, og all heder til trenar Frank Eide som har stått timesvis bak dei for å få dei viktige detaljane på plass. Tusen takk for fenomenal innsats! God tur heim over fjellet.

Foto: Tormod Roth, Vigra IL/Region Nordvest

NM innandørs 2021

Denne helga er det endeleg NM innandørs bogeskyting igjen, to og eit halv år etter at vi sjølv arrangerte det i Førdehuset. No er det Oslofjord Convention Center ved Tønsberg som er arena, med 300 påmeldte.

Førde bogeskyttarklubb er representert av dei unge og lovande; Vicoria Selvik og Jan Tomkiewizc. Begge skyt i recurve rekrutt, hhv. jenter og gutar. Med seg har dei trenar Frank Eide.

Kvalifiseringsrunden på 60 piler startar laurdag kl. 11 og meisterskapen blir avgjort gjennom utslagsmatcher og finalar frå søndag morgon. Vi trur det beste om dei flinke ungdomane våre og ønskjer dei lukke til. Skyt beint!

Resultat blir oppdatert minutt for minutt på https://ianseo.net/Details.php?toId=9402

Førde bogeskyttarklubb har utstyrsavtale med Arctic Buesport

Velkommen til Tir de Fjords 2021

Velkommen til TdF

Fire bogeskyttarklubbar i Sogn og Fjordane blåser liv i Firdaveitsla att og inviterer til ei midtsommarveke med bogeskyting, stemning og gode vener i dei vakraste omgjevnadene ferielandet Noreg kan by på. Etter at NIF, Noregs idrettsforbund og Olympiske komitè har stadfesta at det frå 27. mai kan igjen arrangerast stemne når lokale smittevernkrav er oppfylte, ligge det til rette for at Tir de Fjords 2021 kan gjennomførast som planlagt 12. til 18 juli 2021.

  • Måndag 12. juli: 1440-runde i Førde, arr.: Førde bogeskyttarklubb
  • Onsdag 14. juli: 24 mål 3D i Florø, arr.: Fjordane bogsekyttarlag
  • Fredag 16. juli: Norsk kortrunde i Loen, arr.: Loen IL – Bogeskyttargruppa
  • Søndag 18. juli: 720-runde med finalar i Måløy, arr.: Ytre Nordfjord bueskytterklubb

Invitasjon:
https://drive.google.com/file/d/1Sfa71FEETC9MQEL1vDmaYcOgd9mQnmrv/view?usp=sharing

Påmelding seinast 1. juli 2021:
https://forms.gle/P1BvuCouUa6aG2Nh6 eller e-post til forde@bueklubb.no.

Faktura sendast ut til klubbane etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Innkalling til årsmøte

Styret i Førde bogeskyttarklubb kallar med dette inn til årsmøte

Dato: onsdag 24. mars 2021
Tid: 18.00
Stad: ENDRING: FØRDE GJESTEHUS & CAMPING, Kronborgveien 44.

Vanlege årsmøtesaker:

  • Årmelding
  • Rekneskap/Budsjett
  • Innkomne saker
  • Val

Saker til årsmøte må meldast til styret innan 10. mars 2021 på e-post til forde@bueklubb.no.
Sakspapirer blir lagt ut på nettsida til klubben seinast ei veke før årsmøtet.

Medlemspengar for inneverande år må vere betalt for å ha møte- og røysterett.
Føresette kan møte og røyste for mindreårige.

For styret
Jan R. Sekkelsten, leiar

Utesesong

Utesesongen i bogeskytinga er godt i gang. Denne sommaren befinner vi oss på grasmarka bak Biltema i Førde. Dette fordi det er arbeid på Halbrend skule, der vi orginalt har ei bogeskyttarbane.

Ettersom corona fortsatt er ein stor del av kvardagen vår, er det ikkje mogeleg å låne utstyr i tida med smitteverntiltak. Personar som har eige utstyr er velkomne til å låne matter når ein sjølv skulle ønske (bortsett frå heilage dagar). Ver oppmerksam på smitteverntiltak med 1-2 meter avstand og bruk antipac hyppig.

Ellers er det berre å ta kontakt på vår Facebook side dersom ein det er noko ein lurer på!