Ordføraren sitt aller første stemne

Førde-troppen: Harald, Madelen, Christian og Noemi flankert av dommarane Jan Roar og Victoria.

Noregscupstemnet i Gaularhallen vart Sunnfjord-ordførar Jenny Følling sitt aller første som publikumar på eit bogeskyttarstemne.

Ordføraren såg ut til å trivast, og fekk god innføring i sporten frå dagens stemneleiar, hovuddommar, sekreteriat, klubbleiar og Førde-trenar, Jan Roar.

– Det er så mykje flott aktivitet i Sunnfjord, smilte Følling og lot seg imponere over innsatsen som vart lagt ned på skytelinja.

Ein del jobb-, studie- og sjukdomsfråfall gjorde at det som var oppunder 30 påmelde, enda i vel 20 skyttarar på første stemne i Region Vest og Region Nord-Vest av sesongens Noregscup.

Slik cupen er sett opp, konkurrerte skyttarane på Sande likevel mot skyttarar i Sandefjord, Hamar, Kristiansand, Sortland og Bodø. Noregscupen er nemlig samansett av tre rundar med lokale arrangement kring om i regionane, før skyttarane blir samla på ein lokasjon til ei stor finalehelg.

Samtlege deltakarar i Noregscupstemnet i Gaularhallen.
HEILE BØTTEBALLETTEN: Skyttarar frå heile Vestlandet deltok i stemnet på Sande.

Stemnet i Gaularhallen samla skyttarar frå Kvinnherad, Fana, Bergen, Vigra, Ålesund og sjølvsagt Førde.

Av våre deltok Madelen, Harald, Christian og Noemi. Sistnemnde for første gang med på ei uvant ABCD-skyting. Det betyr fire skyttarar på ei matte, der to og to skyt vekselsvis.

Spesielt kjekt å sjå at fleire av skyttarane som deltok i Gaularhallen la seg heilt i toppen av den nasjonale resultatlista.

Vi nemner Hans Einar (Kvinneherad) og Lars Cedolf (Fana) i Tradisjonell 40. Alette (Vigra) i Tradisjonell 60, William (Ålesund) i Barebow 40, Magnus (Vigra) og sist men ikkje minst vår eigen Harald i den store Recurve 40-klassa.

Dei neste rundane av cupen er 31. oktober og 28. november, før finalestemnet på Tinden i Harstad.

Resultat frå første runde av Noregscupen:

For å gjere det endå meir spennande, sette vii dag opp moglegheita for finaleskyting i dei ulike klassane. Sjølvsagt med premiering.

Så må vi rette ei ekstra stor takk til Rema 1000 Øyrane og Extra Førdegården for god støtte til dagens meny.

Neste stemne i regi av Førde bogeskyttarklubb blir kveldsstemne 22. oktober.

Men før den tid, blir det trening måndag klokka 19-22 og torsdag kl. 18-21. Kanskje kjem ordføraren også? Invititasjonen er med dette gjeven.

Magnus I Lagabø Roald (Ålesund) vann Recurve 40-klassa føre Kristoffer Torvik (Bergen) og Hamed Amiri (Bergen).

William Holm (Ålesund) vann Barebow 40 føre Torbjørn Klever (Fana) og Kristine Gulbrandsøy (Bergen).
Lars Cedolf Eilertsen (Fana) kom nokre poeng bak Hans Einar Holmedal (Kvinnherad) i Noregscupen, men fekk revansje og fann i Tradisjonell 40. Noemi Utasi (Førde) tok tredjeplassen.
Anne Bognøy (Flaktveit) vann finalen mot Henning Stockmann Ness (Ålesund) i Tradisjonell 60.
Tom Halvorsen (t.v.) var poenget bak Eirik Skiftesvik før siste finalerunde i Compound 40, men trekte til slutt det lengste strået.

 

 

  Logoen til Naustdal dampbakeri