Norgescupen kjem til Sunnfjord!

Laurdag 26. september arrangerer Førde bogeskyttarklubb Norgescup-stemne for både Region Vest og Region Nord-Vest. Godt over 20 skyttarar er venta til Gaularhallen på Sande i Sunnfjord.

Kring 115 skyttarar frå 31 klubbar landet over er påmelde til første runde av 2026/2027-utgåva av Norgescupen. Dette er ein nasjonal konkurranse med ei rekkje lokale stemner kring om i regionane, der alle skyt samstundes og konkurrerer mot kvarandre via ein felles livescore. Førde bogeskyttarklubb er ein av seks arrangørar – og den einaste på Vestlandet – førstkomande laurdag. Elles blir det skote i Sandefjord, Hamar, Kristiansand, Sortland og Bodø.

Skiveoppsettet til stemnet er no klart. Merk at det blir skytestart kl. 11.

Førde bogeskyttarklubb har av praktiske årsaker flytta stemnet frå Halbrendhallen i Førde, til Gaularhallen på Sande. Over 20 skyttarar frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er påmelde. I tilegg til skyting, blir det også kiosksal med mellom anna lapskaus, pølse med brød og brus på menyen.

Dei neste rundane av cupen er 31. oktober og 28. november, før finalestemnet på Tinden i Harstad.

Logoen til Naustdal dampbakeri