Kveldsstemne i Førdehuset

Det første av månadlege kveldsstemne gjennom haust- og vintersesongen er ferdig. For dei fleste var det greitt å berre komme i gang.

Åtte skyttarar på linja i dag, fordelt på tre i R1 og tre i R2. Ikkje uventa stakk Harald av med sigeren i R1, medan Ella trekte det lengste strået i ein usedvanleg jamn R2.

Vi kunne også ynskje velkomen til Aron som skaut sine første 60 piler i eit stemne. Mykje nytt frå dei vanlege treningslveldane, men også i det ligg det god læring. Med over dobling av poeng på siste 30, kan vi trygt slå fast at læringskurva går rett veg.

Etter ein roleg sommar på stemnefronten for dei aller fleste, handla det om å få stemne under beltet. Om ei veke arrangerer vi første stemne av Norgescupen.

Det skjer i Gaularhallen på Sande. Det gler vi oss til. Finalehelga blir i Harstad 6. og 7. februar, med Tinden som arrangør.