Auge for detaljar, motiverande ord og gode råd. Ei inspirerande helg med Morten Bøe er over i Halbrendhallen.

– Det er tydeleg at det har vore gjort mykje godt arbeid sidan sist, seier den tidlegare landslagstrenaren etter to dagar med sju ungdomsskyttarar frå Førde – og ei frå Vigra.
Det er fjerde gong på fire år at klubben har henta instruktør Morten frå Sandefjord til Sunnfjord. Sidan besøket i fjor har klubben teke fleire NM-medaljar og levert gode resultat både i NM og Noregscupen.
Trenar Jan Roar håpar det definitivt ikkje er siste gang at Morten kjem på besøk. For det er ikkje berre skyttarane som nytter av besøket.
Til samlinga inviterte vi også andre klubbar i både Møre og Romsdal og Hordaland. Einaste tilreisande til samlinga var Frida og Cecilie frå Vigra.
Mellom øktene stod både archery tag, spel og sosialt samvær på programmet.

– Vi har fått stadfesting på at det meste vi gjer er rett. Å ha han på besøk er ei vitamininnsprøyting også for oss som trenarar, seier Jan Roar og utdjuper:
– Morten ser detaljar vi ikkje ser så godt. Og observasjonane hans tek vi med oss vidare i treningskvardagen.
For å seie det enkelt, slike kapasitetar som Morten må ein som klubb berre nytte seg av når ein har tilgang til det.
Denne gong med med økonomisk støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Idrettsfond Sogn og Fjordane.

Både laurdag og søndag har skyttarane i tur og orden fått individuell oppfølging og konstruktive tilbakemeldingar. Og trenarane har fått oversikt over ting å jobbe vidare med.

– Utviklinga har vore fin gjennom helga, men eg ser også veldig positive endringar frå sist, seier han. Mengdetrening var eit felles tips som alle skyttarane fekk med seg etter treningshelga.
– Lag ein plan på det du skal gjere og trene på, og auke pilmengda så hjernen hugsar kva den skal gjere for kvar pil. Men det er klart at det krevst interesse, tid og prioritering, seier han.
Dei «vaksne» i klubben vart henvist til kjøkkenteneste, ryddehjelp og pilplukkarar for skyttarane som fekk rettleiing på skytelinja. Solide leveransar frå Naustdal Dambakeri, Rema 1000 Øyrane og Rema 1000 Hafstad vart foredla til ein rikhaldig meny som metta magane.

Det gode miljøet i bogeskyttarklubben imponerer 54-åringen med 34 nasjonale titlar og tre kongepokalar.
– Det gler meg veldig å sjå engasjementet «dei eldre» viser for dei unge som skal opp og ut, seier han.
Helga vart avslutta søndag med TD-pil, ein uformell konkurranse der alle skyttarar har tre piler kvar. Den dårlegaste pila for kvar runde blir plukka ut, heilt til ein står att med ein vinnar. Dagens vinnar vart Vilde, som slo Ella med knappast mogleg margin. Då snakkar vi millimeter.
Førstkomande helg er det familielaurdag i Førdehuset. Måndag 14. september skubbar vi eigne utøvarar sine treningar til sides og opnar dørene for andre som vil prøve bogeskyting i treningstida vår (frå klokka 19) i Førdehuset. Anbefalt aldersgrense er 10 år.






