Måndag markerte vi starten på innesesongen med kake, utfordringar, premieutdeling – og sjølvsagt ei stille stund for å minnast vår kjære kong Harald.

Treningstidene i haust og gjennom vinteren blir, som tidlegare nemnd, måndagar klokka 19-22, og torsdagar klokka 18-21. I kveld starta vi innesesongen på det vi kan kalle ein alternativ måte.
Vi var sjølvsagt glade for å vere inne att, men kong Harald sin bortgang i førre veke markerte vi med ei verdig stille stund.
Det var kjekt å sjå mange samla på trening i Førdehuset igjen, og vi hadde endåtil gjester som ville prøve sporten vår.
Vi håpar på langt fleire i tida som kjem.
Og i kveld markerte vi også NM-medaljane til Terje og Christian med kake frå Naustdal dampbakeri og noko godt å drikke.
Oda og Victoria rigga til med diverse utfordringar. Så var det også duka for premiering for deltaking i Juniorserien. Retteleg kjekk sesongstart med andre ord.
Utover sesongen kjem høgdepunkta som perler på ei snor.
September blir ein aktiv månad.


Først ut allereie komande helg, når Morten Bøe kjem for å halde treningssamling.
Med god hjelp frå vårt lokale dampbakeri og Rema 1000 på Hafstad og Øyrane skal vi få det retteleg kjekt. Vidare deltek vi på Familielaurdag i Førdehuset 12. september.
Berre fem dagar seinare er det duka for sesongens første kveldsstemne. Laurdag 26. september håpar vi på storinnrykk frå våre krinsvener frå Møre og Romsdal og fylkesvener frå Hordaland når vi skal arrangere første runde av Noregscup i Gaularhallen.
Med andre ord, det er berre å rydde i kalenderen.
Slik sett burde ein kanskje hatt meir fokus på trening, enn å ha det sosialt på sesongens første innetrening. Men ein skal ha det gøy også.






