Snart flyttar vi inn att

Like sikkert som at vi flyttar ut om våren, er det at vi flyttar inn att om hausten. No blir kveldane kortare og mørkare. Hausten er på veg. Og datoen for første trening i Førdehuset er sett.

På styremøtet onsdag kveld vart det bestemt å flytte den faste treningstida vår inn frå og med måndag 31. august. Treningstidene vi har fått tildelt er klokka 19-22 på måndagar, og 18-21 torsdagar. Fosseflata blir likevel rigga til vêrgudane meiner det er på tide å avslutte utesesongen.

Vi har også datofesta dei første kveldsstemna våre. Det er berre å sette av følgjande datoar i kalenderen:

  • 17. september
  • 22. oktober
  • 19. november

Men det skjer meir kjekke ting framover. Som tidlegare nemnd har vi fått støtte frå både Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane støtta oss med midlar til å hente tilbake eminente Morten Bøe første helga i september. Med god hjelp frå lokale sponsorar diskar klubben opp med lunsj begge dagar, samt middag laurdag ettermiddag.

Vidare utover blir det 1. runde av Noregscupen i Gaularhallen, der vi håpar på god deltaking frå klubbar i både Møre og Romsdal og heile Vestland fylke. Elles har vi terminfesta våre tradisjonsrike Adventspila og Rudolfskytinga. Det er berre å ta seg ein kik på kalenderen vår.

Logoen til Naustdal dampbakeri

Familielaurdagen i Førdehuset har vi stort sett brukt å stille på, til stor glede for både små og store. Hausten 2026 blir ikkje noko unntak, og klubben tek sikte på å stille både 12. september og 31. oktober. Så her er det berre å ta med seg dei små (og store) håpefulle å prøve sporten.

Vidare er det duka for Noregscupavslutning i Harstad 6. og 7. februar. Innesesongens store mål er innandørs-NM i Sandefjord 12. – 14. mars på Lillestrøm.

Christian, Madelen, Vilde, Sigrun og Jan Roar deltok frå Førde på avslutninga av Noregscupen 2026 i Bergen.