– Går med smil rundt munnen

NM Skive er over for i år. Vi hadde to representantar i Sandefjord. Begge kom heim med edelt metall. Og breie glis. – Eg går med smil rundt munnen. Det seier sitt, gliser Christian etter å teke sølv i recurve U18.

Christian på pallen, saman med bronsemedaljevinnar Tommy Becher og NM-vinnar Sondre Westgård Lund.

Finalen mot kameraten Sondre Westgård Lund enda i 6-2 til sandefjordingen. Ironisk nok, under innandørs-NM i same by, var det Christian som stakk av med gullmedaljen. Kanskje ikkje vanskeleg å forstå at Christian delte Lund si glede over gullet.

– Då er det 1-1. Eg og Sondre er like, begge Noregsmeistrar og begge best i klassa, seier Christian.

I semifinalen vann Christian med 6-2 over Linus Aleksander Frøhaug (Ullensaker). Ut frå rangeringa etter innleiande, var det ikkje heilt uventa at det var Sondre som vart motstandar i finalen.

Bak linja stod som vanleg Terje, som kom rett frå sin bronsefinale mot Lars Åke Frøhaug (Ullensaker). Den vart av det svært spennande slaget. Etter 1-1 i første sett, gjekk Frøhaug opp i 5-1 på dei to neste. Med andre ord trengde han berre eitt poeng til for å sikre bronsemedaljen.

Terje fekk gjort nokre justeringar på skytelinja og beinstillinga. Plutseleg stod det 5-5 og det var duka for shoot off. Altså ei pil kvar, der den beste pila kårar vinnaren. Terje trefte ein åttar. Frøhaug ein sjuar. Bronsen var i boks.

FUNFACT: Terje og Christian slo kvart sitt blad Frøhaug (Ullensaker) på veg mot NM-medalje. Christian slo junior Linus i semifinalen, medan Terje slo pappa Lars Åke i bronsefinalen.

– Eit godt døme på å aldri gi opp, seier Terje og er storveges nøgd med bronsemedalje.

– Eg er dritnøgd. Så likar eg fargen på bronsemedaljen betre enn både gull og sølv, humrar han.

Terje på pallen, saman med sølvvinnar John Mørk og NM-meister Haakon Haakonsen.

Trenar, og dagleg leiar, Jan Roar, er godt nøgd med full uttelling. To skyttarar. To NM-medaljar.

– Begge har skote opp mot sitt beste. Begge to henta seg inn då det lugga i matchane, sjølv om det vart stang ut for Terje i semifinalen og for Christian i kampen om gullet. Det er slikt som skjer, oppsummerer han og legg til at ikkje alle klubbane kunne reise heim frå Sandefjord med pallplass til alle.

Som regionleiar kjenner Jan Roar seg også stolt over den samla prestasjonen til skyttarane frå Vigra, Harøy, Rauma – og sjølvsagt Førde.

Veslemøy Gjelsvik (Rauma) vann dameklassa i recurve. Systera Wilhelmine tok bronse i recurve U18. Cecilie Skodje (Vigra) sikra sølv i Barebow damer. Kjell Håvar Huse (Harøy) tok bronse i Langbue herrer.  Frida Skodje Tomta (Vigra) tok bronse i compound U18.

– Gratulerer og takkar for strålande innsats, seier Jan Roar – framleis med regionleiarhatten på.

Til slutt slenger vi også på ein gratulasjon til våre vener i Fana, som vart kåra til beste klubb med tre gull, tre sølv og to bronse. Førde enda på 24. plass av 40 klubbar.

Logoen til Naustdal dampbakeri