Terje og Christian gjorde jobben under til dels vanskelege vindforhold. Dermed er begge klare for semifinalen søndag morgon.
– To av to med inn i finaledagen er veldig bra, strålar trenar Jan Roar.
Heime i Førde har oppdateringsknappen fått køyrt seg i ettermiddag. Først då Terje møtte Kai Roger Olsen (Ullensaker) i ein tett kvartfinale. Den regjerande noregsmeisteren frå innandørs tidlegare i år tok først sett 27-22, men så vakna Terje og tok dei to neste 29-26 og 24-19.

Sjølv om Kai Roger tok fjerde sett 27-22, heldt Terje roen og sikra seg ei ny 29-runde mot austlendingen sine 19. Dermed ventar det som blir ein ny tett match i semifinalen søndag morgon, då mot John Mørk (Bærum).
Vinden har vore krevjande å forhalde seg til andre dag av NM. Skyttarane fekk vinden skrått bak frå venstre. Kanskje ikkje den sterkaste vinden, men likevel ustabil og sterk nok til å gjere det krevjande. Tidlegare på dagen forsvann fleire skyttarar som ein venta ville vere med heilt inn i kampen om edelt metall i sine klassar.

Slik var også forholda då Christian gjekk til skytelinja for hans kvartfinale mot Sondre Olav Jådem-Idsøe (Moss). Sjølv om det etter innleiande skulle vere grei match, skal kvar pil sleppast og poengsummen på tre piler må vere høgare enn motstandaren. Christian takla dei ustabile vindforholda best, og vann setta med 19-7, 21-15 og 21-16. Søndag skal han opp mot Linus Aleksander Frøhaug (Ullensaker) i semifinalen.
Vår region er representert ved Rauma, Vigra og Harøy – i tillegg til Førde. Då er det kjekt å kike litt korleis det går med våre krinsvener frå nord om fylkesgrensa. Vigra har både Frida Tomte Skodje og Cecilie Skodje til finaledagen. I tillegg er Rauma-søstrene Gjelsvik, Veslemøy og Wilhelmine Adelheid med i kampen om gullet i senior og u18-klassa i recurve. Kjell Håvar Huse frå Harøy skal i semfinale i langbue senior. Vi ynskjer alle våre masse lukke til søndag.






