Første dag, og innleiande skyting, er over i Bugårdsparken. Både Christian og Terje leverte skyting på «meget oppegåande» nivå. Laurdag startar finalerundane.
– Det er vel det nest beste eg nokosinne har skote, og det endå til i eit NM. Det seier eg meg nøgd med, oppsummerer Terje etter å ha prikka inn 585 poeng på dei innleiande 72 pilene.
Det som er sikkert er at skyteforholda var noko heilt anna enn vi har her heime i Sunnfjord.
– Det var fine skyteforhold. Godt og varmt, held Terje fram. Med fjerdeplass i Recurve herrar 50 er han klar for kvartfinale laurdag. Her møter han regjerande meister frå innandørs-NM Kai Roger Olsen frå Ullensaker. Under innleiande skilde det berre eitt poeng i favør av Terje. Finalerundane er utslag.

Taper du, er NM over for i år. Går du sigrande gjennom rundane hamnar du til slutt i gull- eller bronsefinale.
– Kai Roger er god. Det blir ein tøff battalje, seier Terje og verkar veldig klar på å gå nye runder.
John Mørk frå Bærum vann den innleiande skytinga i Recurve herrar 50 med imponerande 627. Haakon Haakonsen frå Skudeneshavn var dagens andre skyttar som braut 600 poengsbarrieren i klassa.
– Nivået i herrar 50 er høgare enn på mange år, oppsummerer trenar Jan Roar.
Som også er strålande nøgd med Christian sin innsats på skytelinja. 573 poeng er ei forbetring av eigen personleg rekord på distansen med fem poeng. Det gav han andreplass i innleiande, skarve to poeng bak arrangørklubbens Sondre Westgård Lund.
– Roen med skytinga var god. Det førte til nokre gode seriar, oppsummerer Christian.
I kvartfinalen laurdag skal Christian opp mot Sondre Olav Jådem-Idsøe frå Moss. Christian har oppladinga klar:
– Eg skal gå meg nokre lange turar. Elles blir det brettspel med familien, Youtube og bøker. Ei grei avslapping, seier han.
Førde bogeskyttarklubb vil også nytte høve til å takke hovudsponsor Bilhuset Førde hjarteleg for hjelp og støtte til å få skyttarane våre til NM. Det gjeld også alle dei andre støttespelarane våre. De er gull verd!






