Denne helga har Førde bogeskyttarklubb to utøvarar som stiller på NM Skive i Sandefjord. Begge har NM-titlar frå tidlegare, men må vere skjerpa i tøff konkurranse om det skal bli meir edelt metall.
Terje i Recurve herrer 50, medan Christian konkurrerer i Recurve herrer U18. Begge skyt innleiande i pulje 2 på fredag. Etter planen i 15-tida. Arrangørane har førebels ikkje publisert lenkjene til dei ulike resultata, men desse vil komme her når det nærmar seg.
No skal vi ikkje legge ekstra press på våre skyttarar, men det er verd å nemne at begge vann sine gullfinalar under NM Skive i 2024 på Sørumsand. Christian vart også tidlegare i år norsk meister under innandørs-NM i Sandefjord (biletet). Men som i alle idrettar, kampen skal spelast, distansen skal springast – og pila skal sleppast beint.
Uansett, vi ynskjer duoen vår masse lukke til. På same tid takkar vi også hovudsponsoren vår Bilhuset Førde for støtte og hjelp til ei trygg NM-reise.






