NM-oppkøyring i (svært) vått element (og sjekk genserane…)

Christian, Terje og Jan Roar deltok laurdag på Bergen sitt deira augusstemne med finalar. Tek ein i betraktning eit skikkeleg solid bergensvêr, bør både Christian og Terje vere nøgde med NM-gjennomkøyringa.

Mange på linja på Langeskogen, men ingen andre enn Førde-skyttarar i R2. Som det kjem tydeleg fram på bilete, Bergen var vått i dag.
Jan Roar sleppte 72 piler og var godt nøgd med det.

Dei tre Førde-skyttarane var åleine i R2, noko som openbert betydde at alle pallplassane ville bli med tilbake til Førde. Christian kom best ut av startblokka, og leverte 561 i innleiande. Noko som er heilt oppunder personleg rekord på distansen. Sterkt sett i lys av regnvêret. Terje noterte seg for 544 poeng. Jan Roar stoppa på 309 poeng og takka for seg før semifinalen.

Dermed var det duka for rein Førde-finale mellom Christian og Terje. Der fekk Terje sin revansje og stakk dermed av med både siger og gåvekort. Det viktigaste med helga var uansett ei god gjennomkøyring før neste helgs NM i Sandefjord. Der blir dei to finalistane einaste aktive representantar frå klubben. Ifølgje Yr skal det også bli eit heilt anna vêr i Sandefjord, med godt over 20 varmegrader og sol.

Med på bergensturen var også våre nye, flotte klubbtrøyer. Stor takk til alle sponsorar som har gjort dette mogleg.

 

Logoen til Naustdal dampbakeri