Då klubben fekk støtte til ungdomssamling, var vi ikkje seine å be! Første helga i september kjem ein av landets største kapasitetar innan bogeskyting tilbake til Førde. Då blir det ungdomssamling!
Vi snakkar sjølvsagt om Morten Bøe, sandefjordingen med 34 NM-gull, tre kongepokalar og årevis med erfaring som både landslagsskyttar og landslagstrenar. Morten har også tidlegare halde inspirasjonssamling i Førde. Unødig å seie, vi har vore så godt nøgde at vi lenge har hatt eit stort ynskje om å hente han tilbake. Då Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane valde å støtte oss med midlar til ei ny samling, kasta vi oss rundt og fekk sikra helga 5. og 6. september.
Vi takkar så hjarteleg for støtta og ser fram til ei ny kvalitetssamling med Morten.






