Daglege leiarar signerte så blekket spruta

Både Bilhuset Førde og Førde bogeskyttarklubb trefte blink i vår: Ein samarbeidsavtale over tre år.

I tida framover presenterer vi fleire sponsorar som skal pryde våre nye trøyer. Først ut var Enivest.

– For oss handlar sponsing om meir enn synlegheit – det handlar om å bidra der vi høyrer heime. Altså lokalt, seier dagleg leiar ved Bilhuset Førde, Kim Ronny Lykkebø.

Papiret han signerte saman med vår daglege leiar, Jan Roar Sekkelsten, knyter bilforhandlaren til klubben vår dei neste tre åra. Ikkje nok med det. Bilhuset Førde blir vår hovudsponsor denne perioden.

– Vi ynskjer å støtte breiddeidretten, der alle får moglegheit til å vere med å utvikle seg. Førde bogeskyttarklubb er ein klubb som skaper aktivitet og eit inkluderande miljø for både unge og vaksne, grunngjev Lykkebø.

Kim Ronny Lykkebø og Jan Roar Sekkelsten er begge like nøgde etter at kontrakten var signert.

Når næringslivet støttar Førde bogeskyttarklubb, handlar det om meir enn kroner; det er ei moralsk anerkjenning av det unike mangfaldet. Og ei ryggdekning til å skape den inkluderande meistringsarenaen vi ynskjer å vere.

På same tid merkar også Førde bogeskyttarklubb at kostnadane aukar monaleg. For ein klubb som ynskjer ein inkluderande og sosial profil, så skal dette i minst mogleg grad gå utover medlemene våre.

Det er også årsaka til at vi i vår har «fridd» til lokalt næringsliv, og har knytt til oss sponsorar som vil vise att på våre nye klubbgenserar. Slik som Bilhuset Førde.

Sekkelsten, som også er trenar i Førde bogeskyttarklubb, seier støtta frå Bilhuset Førde er viktig sportsleg for utøvarane våre.

Som einaste rekrutterande klubb mellom Bergen og Ålesund som arrangerer stemne, må skyttarane ut av gamlefylket for å møte skyttarar frå andre klubbar.

Det vere seg ungdomssamlingar, stemne eller nasjonale meisterskap.

– Dei store konkurransane føregår på bortebane. Altså må vi trene og bli vande med andre arena og forhold enn Førdehuset og Halbrendhallen. Vi må reise for å få matching og inspirasjon, seier han.

Vi takkar audmjukt for støtta – og ser fram til eit godt samarbeid i åra som kjem.