Vi har sikra oss signaturen til fleire gode støttespelarar for dei komande åra. Med ujamne mellomrom vil vi presentere dei som i framtida skal pryde klubbtøyet vårt. Først ut: Enivest!
Styret har i vår arbeidd inn mot næringslivet for å få sponsorar og støttespelarar. Mange går same ærend, så arbeidet har ikkje berre vore lett.
Gleda var difor stor då det tikka inn eit ynskje frå Enivest om å vere med på laget. Marknadssjef Ellen Katrine Kristensen seier at støtta deira er motivert av eit sterkt ynskje om å støtte opp om levande lokalsamfunn og gode oppvekstvilkår.

– Førde Bogeskyttarklubb gjer ein viktig jobb med å gi barn og unge eit inkluderande fritidstilbod, der meistring og fellesskap står i sentrum. Det er vi stolte av å støtte, seier ho.
Sjølv om vi ikkje har like mange medlemer som Enivest sine tett på 30.000 kundar, så er vi minst like stolte over at ein av dei leiande fiberaktørane på Vestlandet ynskjer å støtte arbeidet vårt.
Vi er den einaste rekrutterande bogeskyttarklubben mellom Bergen og Ålesund, og arrangerer jamleg stemne både utandørs og innandørs. I 2019 arrangerte vi også NM. Vi har faste treningar i Førdehuset på vintertid. Elles har vi treningsområde på Fosseflata ved Halbrend skule. Vi har gjennom ei årrekkje levert skyttarar i landstoppen. Framleis er fleire ungdomsrekordar knytte til klubben.
Filosofien vår er enkel: Skytelinja skal vere inkluderande og for alle. Lommeboka skal i minst mogleg grad avgjere kven som får vere med og ta del i idrettsgleda.
– Vi ynskjer å vere eit lågterskeltilbod for born, ungdom og vaksne i Sunnfjord. Ein stad der alle kan oppleve meistring, utvikling og idrettsglede, uansett erfaring og føresetnader, seier ein godt nøgd dagleg leiar, Jan Roar Sekkelsten.
Også klubbkassa vår merkar godt eit stadig aukande kostnadsnivå. Støtta frå Enivest gjer at vi kan prioritere det som betyr mest – trening, utstyr og deltaking på meisterskap og samlingar.
Når næringslivet støttar Førde bogeskyttarklubb, handlar det om meir enn kroner; det er ei moralsk anerkjenning av det unike mangfaldet. Og ei ryggdekning til å skape den inkluderande meistringsarenaen vi ynskjer å vere.
Tusen takk til Enivest for tilliten. Vi ser fram til eit godt samarbeid til glede for dagens og morgondagens bogeskyttarar.
