Mellom feite gitariff og headbanging, reiste Terje Laukeland til Østfold for å konkurrere. Han leverte!
Stemna i Moss og Lillestrøm var peika ut allereie før avreise Tons of Rock i Oslo, så buesekken var med i bilen over fjellet.
Laurdag stilte han på skytelinja under under Kråkestevne på Noreødegården i «Moss Angeles». Utan andre konkurrentar enn seg sjølv i R2-klassa, skaut han betre enn nokon gong:

613 poeng på 72 piler er 23 poeng betre enn dei 590 han noterte seg for i 2018. Og eit første napp i opprykk til R1.
– Det er eit par poeng betre enn fjorårets beste i RH5, konkluderer trenar Jan Roar Sekkelsten etter eit raskt søk gjennom historiske resultat.
Heller ikkje på trening har Terje vore over 600 poeng på 72 piler.
– Det var varmt og vindstille, så det var berre å stå og kose seg, fortel Terje og vedgår:
– Eg må ærleg innrømme at eg kjende litt på det då eg såg kva veg det kunne gå.
Etter stemnet gjekk turen tilbake til solfylte Ekebergsletta i Oslo og Tons of Rock, der mellom anna Accept og Limp Bizkit skulle på scena.

Søndag vart mossekråker bytt ut med kanarifuglar og Lillestrøm & Omegn Bueskyttere sitt Regnbuestevne. Også det eit 720-stemne, men då med fem konkurrentar og finaleskyting. Temperatur som auka frå rundt 25 varme til rundt 30 iløpet av innleiande, kunne gjeve den beste solstikk.
– Varmen var intens, fortel Terje som måtte ty til våte omslag i pausane.
– Eg har aldri vore på eit stemne der dei har sett fram bøtter og oppmoda folk innstendig om å kjøle seg ned for å unngå solstikk.
Terje kjempa på i solsteiken, stod løpet ut og klokka inn på 573 poeng og tredjeplass under innleiande.
Poengmessig Terje sitt tredje beste resultat på eit 720-stemne.
Diverre vart det tap for Lin Kristin Vestlund (Fredrikstad) i semifinalen og Vilde Helene Halle (Lillestrøm) i bronsefinalen. Nemnde Vestlund vann til slutt gullfinalen. Vi gratulerer.
– Slik er det. Eg tapte for to gode skyttarar, seier Terje og legg til at tvillingane «våre» Lene og Vilde Fauske Aalen vart etterlyste på stemnet. Skyttarane våre blir lagt merke til.
Med pers også under vårt klissvåte 1440-stemne, er dette andre helga på rad at Terje persar seg. Dei mange timane lagt ned på treningsfeltet betalar seg. Det lovar godt før NM i Sandefjord i midten av august.
Men før den tid skal Førde bogeskyttarklubb arrangere Norsk kortrunde 25. juli.