Klissvått maratonløp på Fosseflata

Det vart grått. Og det vart vått. Men ni skyttarar stod løpet ut. Og enkelte på meir imponerande vis enn andre.

Suveren sisterunde av Noemi, der to piler gjekk i innertier og ei pil hamna i niaren.

Laurdagens 1440-runde resulterte ikkje nye nasjonale rekordar.

Lars Cedolf splitta Fana-skyttarane Victor og Kjersti på pallen i Tradisjonell 1-klassa.

– Det måtte vere nedbørsrekordar i så fall, humrar klubbleiar og trenar Jan Roar. Og laurdagens dommar og skyteleiar.

Vêrgudane spelte definitivt ikkje på lag med arrangørane.

Men ni skyttarar frå Flaktveit, Fana, Førde og Akkerhaugen gjennomførde samtlege 144 piler. Dobbelt så mange som ein til dømes skyter under innleiande på skive-NM.

Stemneformatet er utmattande og vanskeleg. Det tek fem-seks timar å gjennomføre, og pilene skal gå like beint på fire ulike avstandar gjennom dagen.

– Då er det ikkje like lett å halde teknikk og humør på topp, påpeikar Jan Roar.

Betre blir det ikkje nå regnet høljar ned og det er «flo» på skytelinja.

Som trenar lot likevel Jan Roar seg imponere stort av dagens debuttant, Noemi. Ho skyt tradisjonell og noterte seg for imponerande 1173 poeng. Med det passerte ho opprykksgrensa til T1, eliteklassa, med god margin. Grensa er 1100 poeng totalt.

– Noemi avslutta dagen med ein suveren X-X-9, applauderer sjefen.

Av Førde sine skyttarar leverte også Terje til ny personleg rekord.

Personlege rekordar vart det også på gjestene. Victor kom heile vegen frå Fana for å få has på 1200-barriera. Det klarte han.

Så må det seiast at feriestart og vêrvarselet kan ha gjort sitt til at det ikkje var fleire på skytelinja i dag.

No håpar vi på langt betre vêr og endå fleire skyttarar når vi arrangerer kortrunde 25. juli.

Så takkar vi samarbeidspartnerane våre for støtta:

Ni skyttarar på skytelinja.