Utesesongen er for lengst i gang. Tysdag kveld sette vi endeleg punktum for innesesongen.

Som nemnt tidlegare har klubben levert nok ein god innandørssesong, med stor aktivitet og mange gode resultat.
Høgdepunktet må seiast å vere NM-gullet til Christian i Sandefjord. I Norgescupen vart Madelen nummer tre. Utøvarane har også sikra nye norske rekordar.
– Det har vore ein gullegod sesong, oppsummerte leiar Jan Roar Sekkelsten då han tok ordet under sesongavslutninga.

Klubben diska opp med brus, burger, pølse med brød og pizza. Skyttarane med foreldre kom med godt humør.
Kvelden vart toppa med eit uhøgtidleg klubbmeisterskap i kubb. Lene, Vilde, Terje og Oddleif viste seg hakket kvassare og gjekk ubesigra gjennom heile «meisterskapen».

No blir det vanleg trening på Fosseflata, før neste stemne 20. juni. Då blir det 1440-runde 👌Hugse påmeldingsfristen 10. juni.
Førde bogeskyttarklubb ynskjer å takke Bilhuset, Enivest, Fjordprofil, O. Drage Entreprenør, Firda, Arctic Buesport og Rema 1000 for støtta de gir oss.
