Det vart ei våt halv 1440-runde på Fosseflata i dag. Men fire våte skyttarar stod løpet ut.

Pinsa kan vere både ei god og dårleg tid for stemne. Og vi kan vel konkludere med at vi har hatt både varmare og tørrare stemne på Fosseflata.

I dag spelte nok dei varsla nedbørsmengden inn då berre fire skyttarar stilte på skytelinja.
Ironisk nok letta veret etterkvart som mattene kom nærare og nærare skytelinja. Halv 1440 er ei øving der skyttarane skyt 18 piler på fire ulike lengder.
Då Martinus, Terje, Christian og Roy Helge gjorde opp status, var det faktisk opplett!
For sistnemnde var dette første stemne utandørs 👌 Roy Helge fekk 473, Christian 544, Terje 563, Martinus 628.

Sosialt vart likevel, og i pausen vanka det både vafler og godt grilla pølser 😅
Dette var årets første utestemme. Og ikkje minst første stemne med den nye tidtakarsystemet som vi fekk gåve til frå Sparebank1 Sogn og Fjordane 😀
Neste stemne blir 1440-runde 20. juni. Då håpar vi værgudane kan spele litt meir på lag. Og at langt fleire stiller på skytelinja.
Før den tid blir det sosial kveld i klubben 👌
