Her får ungdomane testa seg

Vi telde ikkje i kveld, men jammen var det ikkje maaaange ungdomar innom klubben i Kråkenesmarka også i kveld.🏹🎯

Tradisjonen tru arrangerer NAF Avd Fjordane og Ytre Sogn rusfri aktivitetskveld for 10. klassingar 16. mai. Tradisjonen tru var også vi der 🤭

Det vart sleppt mange piler, både av ungdomar, vaksne og instruktørane. Enkelte tok instruksjonene lett og greip ei boge så fort det var ledige. Andre lot det vere med ei runde. Alle fargar, bever og nettet fekk køyrt seg. Akkurat slik det skal vere 😀

Denne kvelden var det Harald, Ole Magnar, Lene, Madelen og Oddleif som stilte frå klubben. Takk for innsatsen🙏

Så nyttar vi høve til å gratulere alle med nasjonaldagen 🇳🇴🇳🇴🇳🇴