«Ein, to, tre – på det fjerde skal det skje», heiter det. Vel, vi trengde heldigvis berre to forsøk på å få delt ut det synlege beviset på Vilde, Christian og Madelen sine norske rekordar på 60 piler 25m mix2 lag. ![]()
Rekordane vart sett under vårløysinga, og diploma skulle eigentleg vore delt ut før påske. Diverre vart det litt tull med namna på diploma. Men i til treninga i kveld var diploma klare – og rette ![]()
Med det kan vi gratulere Vilde og Christian med ny norsk rekord med 1062 poeng i U21-klassa. Vi gratulerer også Christian og Madelen med ny norsk rekord i U18 med 994 poeng. Den tidlegare rekorden var også i Førde bogeskyttarklubb, då med Christian og Ella.![]()
(Denne artikkelen vart først publisert på Facebook 9. april 2026)