Denne helga har vi besøk frå ein Norges største kapasiteter innan bogeskyting, Morten Bøe
Ei inspirerande helg, for både små og store. Bogar og skyttarar fekk tuning. Skyttarane (og trenarane) fekk også nyttige innspel og tilbakemeldingar som blir med inn i treningskvardagen fram mot NM i Sandefjord i midten av mars.
Førde stilte med ikkje mindre enn ti av våre aktive. I tillegg fekk vi kjekt besøk frå våre krinsvener i Vigra IL Bueskyttere og Ålesund Bueskytterklubb.
Sjølv om det no er laurdag, og det er ein dag att av samlinga, så seier vi hjarteleg takk for helga til både Morten, tilreisande og oss sjølve.
Tusen takk til støttespelarane Naustdal Dampbakeri a/s, REMA 1000 Vie, REMA 1000 på Hafstad og Extra i sentrum, som gjorde det mogleg for foreldre å diske opp med digg lunsj, frukt og tacokveld 
Neste på programmet no er trening på måndag, og så kveldsstemne på torsdag.

(Denne artikkelen vart opprinneleg publisert på Facebook 7. februar 2026)
