No skjer det mykje i klubben

Som mange sikkert har lagt merke til, har det skjedd litt på nettsidene våre siste dagane. Nettsida vår er nemlig under oppgradering. Det forklarar kvifor det plutseleg er kome fleire eldre saker på nettsida vår. Desse har vi henta frå Facebook-sida, som har vore hyppig oppdatert.

Men nettsida er ikkje det einaste som skjer. Vi er godt i gang med arbeidet med å få på plass sponsorar. Førde bogeskyttarklubb ynskjer å vere ein arena der det er plass til unge (som gamle) uansett kva lommeboka seier. Ungdomane våre skal få delta på stemne, samlingar og meisterskap utan at det kostar skjorta. Sjølvsagt skal dei også trene. Kostnadsnivået har diverre sett oss dit at vi må gjere grep før det blir for seint. Det gjer vi no – og allereie har nokre sagt at dei vil vere med oss til skytelinja. I same stund er også arbeidet med ein ny og flott representasjonsgenser i gang. Den gler vi oss til å presentere!

Så er nytt klokkesystem på veg, takka vere støtte frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane. Fosseflata skal også få seg ein vårpuss.

Så følg med. Følg med.