No flyttar vi ut!

Med eit 30-pilersstemne for våre ferskaste medlemer, Oline, Håkon, Noemi, Gergø og Asgeir, sette vi i kveld punktum for innesesongen.
Det vart eit verdig punktum, med mykje god skyting og stadfesting på fin utvikling👏 sjølvsagt vart det premie til alle skyttarane (og skyteleiaren 😋🤭)
Sidan vi stiller med ei handfull instruktørar til rusfritt arrangement i Kråkenesmarka, blir måndag første trening på Fosseflata.
Her skal vi trene måndagar og torsdagar frå klokka 18. 👌
Med det takkar vi for oss i Førdehuset – og sjåast på Halbrend
Denne artikkelen vart publisert på Facebook 27. april 2026.