«Nytt år nye moglegheiter», sa ein vis person. Og med sesongens første kveldsstemne er vi for alvor i gang med både det nye året og dei nye moglegheitene.
Ti skyttarar nytta høve til å teste seg. Enkelte for første gang. Vel blåst til både Gergø og Noemi. 
Det såg ut til å gi meirsmak 
R2 var den desidert største klassen, og ikkje uventa var det Terje, Christian og Vilde som stakk av med dei tre øvste plassane. For Madelen var det første konkurranse med 40 skive 

Dei neste veken blir innhaldsrike, med både Norgescup og treningssamling. Så nærmer også Vårløysinga seg
For alle resultat frå kveldsstemnet: https://www.ianseo.net/TourData/2026/26321/IC.php
(Dette er ein artikkel opprinneleg publisert på Facebook 15. januar 2026)