Ni skyttarar, åtte av desse i R2, stilte på skytelinja under kveldsstemnet i dag.
Harald var (tradisjonen tru) einaste svale i R1, og nytta likegodt høvet til å forbetre sin eigen personlege rekord til 556 poeng
Resten av skyttarane deltok i R2. Og sjølv om ikkje alle var like nøgde med resultatet, vart det ikkje mindre enn fire personlege rekordar. I tillegg til pers for Vilde og Madelen, sette Ella både pers og tok første napp i opprykk til R2
Så skaut også Sigrun på 40 skive for første gang
Klassa vart for øvrig vunnen av Vilde
, framfor Christian
og Terje 
Når det kjem til bingoegga, så såg det lenge ut til at «høna» fekk behalde desse til neste stemne. Men i 14. runde slo Harald til med kveldens første 30-poengar. Og i siste runde sikra også Lene seg eit bingoegg. Gratulerer 
Komplett resultatliste: https://www.ianseo.net/TourData/2026/26690/IC.php
No er det vinterferie, men for dei som ikkje har andre planer blir det trening både måndag og torsdag. Neste stemne blir vårløysinga 28. februar.
(Denne artikkelen vart opprinneleg publisert på Facebook 12. februar 2026)
