110 elevar fekk prøve bogeskyting

Kvelden før 1. mai arrangerar NAF Avd Fjordane og Ytre Sogn rusfri aktivitetskveld for 10. klassingar. Her har vi i ei årrekke vært med og latt alle prøve bogeskyting.
To blinker, eit 3D-dyr, åtte bogar, eit utal piler og eit godt lag aktivitetsleiarar. Denne kvelden var det Oda, Victoria, Lene, Madelen og Christian som drog lasset mens Jan Roar bidro med prat foran og bak skytelinja.
Været var for alvor på vår side denne kvelden.
Det var først då sola var på veg med at det ble behov for meir enn t-skjorte. Nokre plundra, andre fekk det til, og nokon spurde om når og hvor vi hadde trening. Det er alltid spanande om det blir rekruttering av dette. 16. mai er vi på’an igjen.
(Denne artikkelen vart publisert på Facebook 1. mai 2026)