Om bogeskyting

Pil og boge har vore nytta til jakt og krigføring over heile verda, og ein kan vanskeleg overvurdere kva verdi denne reiskapen har hatt for historia. Dei eldste sikre spor av pil og boge er meir enn 10.000 år gamle, men einskilde hevdar at pil og boge kan ha vore nytta så langt attende som for ca 40.000 år sidan. Bogeskyting har vore grunnlaget for å skaffe seg mat og trygleik i uminnelige tider. Dugande bogeskyttarar viktige for nasjonal og personleg tryggleik langt opp mot den industrielle tidsalder. 

I si tid var fotball i ein periode forbode i England fordi ungdommane heller ville spele ball enn å tileigne seg naudsynt dugleik i bogeskyting. Gevær og krutt fekk i utgangspunktet gjennomslag som militært utstyr fordi det gjekk raskare å trene/erstatte ein tapt geværskyttar enn ein god bogeskyttar. Om du er historisk interessert finnest det utruleg mykje å fordjupe seg i og la seg fascinere av. Bogeskyting i slik vi gjer det i dag er en spanande sport som har mykje å tilby til dei fleste, og for mange vert bogeskyting, bogejakt og bogebygging ein livsstil meir enn berre ein hobby. Det er vanskeleg å sjå nokon sport/idrett som har lengre tradisjonar enn bogeskyting. 

Det finnest eit utal ulike bogetypar og design på markedet. Litt forenkla kan vi dele dei inn i to hovudtypar; dei tradisjonelle- og dei moderne bogane. Ein tradisjonell boge er ein ‘enkel’ boge utan nokon form for påmonterte hjelpemiddel. Nokon bruker uttrykket barebow, medan andre kallar det for enkel, klassisk eller naturleg bogeskyting. Bogen er som regel laga av kun tre, eller av tre- og glassfiberlaminater. Den kan vere utforma som ein meir eller mindre rettlemma langboge, eller ha ulike grader av recurvedesign. Dei moderne bogane omfatter typane compound og olympisk recurve. Compoundbogen er en high-tech boge utstyrt med ei rekkje tekniske hjelpemiddel som m.a vektstabilisatorar, optiske siktemiddel og mekanisk utløysar. Ein olympisk recurveboge er en noko enklare type enn compoundbogen, men denne er òg utstyrt med påmonterte hjelpemiddel som sikte og stabilisatorar. Namnet kjem av at det er sistnemnde type som vert brukt i olympiske leikar. Dei moderne bogane har vore dei mest utbreidde sidan 70-talet. Likevel visar det seg at det er en stadig aukande interesse for dei tradisjonelle bogene. Om du vel ein moderne eller ein tradisjonell boge spelar mindre rolle så lenge du finn fram til det du trivst best med.

Barebow:
Klassar for dame/herre/junior innanfor skive-, 3D-, jakt- og feltskyting. Her vert det nytta ein enkel boge utan tilleggsutstyr, men pilhylle og klikker er lov. Bogen kan vere laga av moderne material og form, f.eks recurveboge i glass- eller karbonfiber. Langboger er òg tillate. Sikteteknikk med strengeklatring er lovleg.

Langboge:
Dette er den tradisjonelle og dermed òg den eldste bogetypen. Her skyt ein dei same øvingane som i barebow, men strengen må direkte frå ende til ende på bogen, og ikke ligge inntil bogelemmane. Sikteteknikk med strengeklatring er ikkje lovleg. Det er lov å nytte trelaminat og glasfiber i bogen. Bogen kan vere delbar, men berre i to delar og metall kan berre nyttast i samanføyingane. Sjå meir info på Langbue.no

Instinkt:
Instinkt er på mange måtar det same som langboge, men den kan delast i tre delar, og det er berre krav om tre i midtstykket. Lemmane kan vere av kunststoff, glasfiber og/eller carbonfiber, og ein kan nytte pilar av karbonfiber og aluminium. I denne divisjonen har vi ein klasse for vaksne, og eller aldersbestemte klasser for ungdom.

Olympisk/Recurve:
(Klassisk) Her skyte ein i klasser for damer/herrar/ minijunior, rekrutt, kadett, junior, senior og 50+. Her kan ein nytte ymse sortar hjelpemiddel som stabilisatorar, vekter, optiske sikte, klikker, pilhylle og avfjøyring (plunger) m.m. montert på bogen. I denne divisjonen skyte ein på avstandar frå 12 meter, aspirant og minijunior innandørs, og opp til 90 meter for klasse R1, utandørs i 1440-runde. I meisterskap og World Cup utandørs skyt ein på 70 meter.

Compound:
High-tech boge med trinsesystem som gir høgt spenn. Ein nyttar mekanisk utløysar/avtrekkar. Klasseinndelinga er som i olympisk. Streng og kablar med trinser/kam/stabilisatorar/optiske sikte med meir er tillate. Olympisk og Compound er dei vanlagste klassane.

På grunn av alle klassane kårar Norges Bueskytterforbund ei rad norgesmeistrar kvart år.

Kjelder: Tradbow Norge, Norsk Langbuelag, R. Hermann – ‘Da fotballen ble rund’