Berit Randi Alden-Håøy vann laurdag klasse recurve damer senior under region-meisterskapen for Midtnorge på Vigra. Under kvalifiseringsrunden med 60 piler på 18 meters avstand vann ho med meir enn hundre poeng. Difor var det inga stor overrasking at ho sidan tok heim gullet i finalematchen som avgjorde kampen om meistertittelen. Motstandaren var frå Sverresborg bueskytterklubb i Trondheim.
Berit Randi er opphaveleg frå Stryn, men bur i Eikefjord og skyt no for Førde bogeskyttarklubb. Det var òg andre frå fylket som gjorde det skarpt i same stemne. Jan Ove Hogrenning frå Loen vann klassen recurve herrar senior. I denne klassen kapra i tillegg Vidar Kvalheim frå Ytre Nordfjord buskyttere 4. plassen.
Det var i alt påmeldt 63 deltakarar til stemnet. Dette var eit opent meisterskap med deltakarar frå Trøndelag til Sunnfjord, noko som forklarar korleis deltakarar frå Sunn- og Nordjord kan bli regionmeistrar for Midtnorge. Om tre veker, 5. til 7. april er det klart for NM innandørs bogeskyting i Førdehuset med Førde bogeskyttarklubb som arrangør. Då stiller Berit Randi saman med 22 andre frå same klubb på skytelina i kamp om gull og kongepokal.

Når ein skal halde stort selskap og ventar masse gjester til gards, trengs det mange hjelpsomme hender. Difor inviterar vi førdianarane med på feiringa. Vi treng dugnadshjelp både fredag, lørdag og søndag 5. – 7. april til store og små oppgåver. Det kan vere alt fra å henge opp resultatlister og halde Førdehuset ryddig til å vere med å klargjere konkurransearenaen for ei ny pulje skyttarar.
Ved årsskiftet inngjekk Førde bogeskyttarklubb eit samarbeid med
Jula er rett om hjørnet og vi håpar at det blir ei god høgstid med kvile frå kvardagen for alle landets bogeskyttarar. Restitusjon og sosiale aktivitetar er viktige moment for å kunne yte maksimalt når det gjeld.
Tradisjonen tru inviterar vi også i år til to dagar med bogeskyttarmoro i Gaularhallen. Dette har vore fast innslag andre adventhelga dei siste tre-fire åra. Det brukar komme folk fra både sør og nord, i blant òg frå aust. På det meste har det vært over 50 deltakarar.

